Kjeldearkiv:1888-06-28 Brev frå Kleiven til Prestgard

1888-06-28 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 28.6.1888
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 44
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 28. 6. 1888.

Kristian!

Endeleg kom det da eit skaplegt brev frå deg igjår som du, kom våge meg, skal ha stor takk og ære for, “unter uns gesagt”! Ja, det var ikkje fortidlegt held, det var ikkje for di, men da eg gav deg nogolite rein uppslo i førre brevê mine, skal eg spara deg for skandering og fantor denne gongen og gjøyme dei væl, så du kan få dei att med lovleg rente når du næste gong drygjer i nie otte-dagar førr du skriv. Du har ikkje fått breve mitt, ser eg, da du skreiv, men eg kan alder tru anna, enn at det kom vælskapt fram så at bedehuse i Seljor fær stå og skålfike seg, og gjera seg og laga seg og bli gjenomsyra.

Så fekk du da koma åt Seljor på vakraste somaren au du! Å ja, det er så i desse ver’n, synda bli tjukkar og tjukkar og “verdens børn” dei fær til mest kva dei vil. Dei kan få liggje å røyte i årvis nedi Danmark, få sjå utstillinga i Kjøpenhamn, gjera hundkroker på vegen både åt Malmø og Lund, “ligervis” som dei kan få liggje på målskule i Seljor um somaren når naturen er så vakker som Edens hage og når Margit Midtbøen, Bergit Grave og slike er konfirmerte. For dei har slik hjelp og beinke av ein “viss” mann, verdens børn, må’ta. “Lysets børn” dei har det ikkje så grepa dei – dei fær nøgje seg med å grava seg ned i ei trong, svart avro der det er så trongt, at ein lyt snu seg lengst etter dalen når ein skal draga pusten – sålangt frå sjølve live, at blodumlaupet å kalle er stansa, berre såvidt det vetses i nogre smale, tunne, granne smågreiner av ærom. Dei lyt sittja å binde bøk og gjera randsele og slikt, så dei kroknar reint ihop og fær eine rukka over skallen, djupare enn den andre, og eine hårlause flekken i skolten, vidare enn den andre. Medan verdens børn skjyt tilværs, legg seg ut og æs upp som kakudeig, sit lysets børn og turkast ihop, kverv og minka burt dag for dag så at dei tilslut lyt hange i eit hønn på vegga. Slikt er det i desse arme ver’ne; – men så jaggu fær dei det att eingong, verdens børn, au, på sikasten, når det dreg nor og ne-te med deim! Ja, velbekommen!

I 14 dagar har vi havt det steikjande heitt – grøê ser vakker ut, men fær vi ikkje regn no med det fyrste, så går det gale både med åker og eng. Stordelen er no komne åt sætrom for ei vike sia, men sæterfera var sein iår, snjogen reiste så seint. Her på Kleiven reiser vi idag fyrst og såleis står eg å kalle på sæterreise. Ja, eg skal liggje deruppe isomar au og meininga er nok, at eg skal “producere”einkvart slags “literært alster”; eg har tenkt, å koma ikast med bygdaoriginalom mine isomar, um det bli nogo av. Henda det, at eg fær dei frå meg så kjem dei truleg ut i vera med slikt døype-namn: “Avrits, – av Ivarius Kleivenius. Med musik”. Med musik! ja, bitterdø, med musik; han Vetlkristen, ser du, har tri sjølgjorde leikjer han: “Druparleiken”, “Somarvalsen”, “Vals-drøm”, og Hansliguten har ein gamal melovit, grueleg morsk og fin, som han kallar “Stouelses spelleri” (vonleg Struenses “favorit”-menuet på kråkemål). Det kan høyras ut til, å bli mat for Mons det og eg har no idetminste tenkt å bjo Mons Litlere det.

Eg hugsar ikkje kva [...] det var eg skreiv um, alt, i førre brevê mine, men det var no fulla greitt, at eg fortalde deg korleis det ruskas med “I gamle dagar” så eg kan sleppe tyggje upp at den grøypa åt deg no. Det var sagte reint gale, at eg ikkje kom til, å bjo boka mi fram åt honom Mons fyrst – men eg ha ingor von um, at han kunde vilja ta eit bygdemålsarbei på austlandsmålføre. Eg er rasandes harm ofte når eg tenkjer meg den “æstetiske” skjersilden boka skal gå igjenom! Å ret alle [...] som bli tekne i kragen og kjørt på dør med eit spark i reva attpå deruppe hjå Moltke-Mo og Seippel! Uff nei, det går ikkje an å tenkje på det. Å du har alt trekt lod au, enn eg, da, som venta, at vi skulde fått tekje oss antel ein snert uppå Mugkampen att, eller ein “tur” nedi Geiranger isomar! No kjem da den “titulaturen” te å gå [...], for du slepp ikkje laus førr i slutten av august og da er det forbi med somaren i høgden, må’ta. Den Geirangerreisa har eg tenkt så smått på, det skal vera nogo uturlagje til konstuge veg dei har arbeidt frå Geiranger og åt Skjåk – han skal bli fullført isomar – billigt er det å fara der og folke nedi Geiranger skal vera overlag snille. Sjølve naturen han er vill og storslegje og bli og blømande attåt, likesom anlete hans Jakob Tybo[1], da, forstår du: “man skulde tro at en løve var herrens far og et lam herrens mor”.

Kor lite det igrunnen er det, du nemner um sjølve Seljor og kjenningane der, so vekkjer det ein heil haug med minner likevæl – det skulde vore moro å vore der eingong enno! Når du skriv neste gong lyt du gjeva meg betre greie både på eit og anna; kor er det vorte av Goro Midtbøen? eg høyrde av Kari Stokstad, at ho var på skula hjå Ullmann ifjor. Imbjer, tenestjenta, som i mange måter var eit bra menneskje, til å vera Seljoring, er ho strokjen åt Amerika? Korleis buskapar ho Anne Grave? eg har høyrt ein tymt um, at ho skulde ha eit godt auga åt H. Haug. Og Anna Næs, Ingebjørg Solberg, Anna Sørensen, Anna “Sveinsoon”? Og Botnen, har han sama helsuge, vestlandske småskratten sin enno? Helse honom frå meg alt, medan du ser, han kan stå på føtom og be han gjeva meg til for, at eg ikkje har skrive åt honom; driv han med gjeit iår? og med rein? Dei var nogo purkehugu til å stelle seg med gjeitstelle sit, dei karane, og det var nok skulda åt “Sigvaldsoon”; han ha fått væl mykje gris og toysor og lort og grågårote smør i “uptuktelsen” den karen og dertil var han frå Rauland, au, gudbære. Hels Hansen rigtugt flittugt! Å, kor eg skulde kjøpt tobak av honom no, ha eg vore der! Det var ein kar med merg i, Hansen; eg er skuldig honom både brev og portræt og når Lars Listøl går og eg fær att båsen, så skal han få både det eine og det andre.

Det er fulla ikkje stort ved målskulen enno førr Ullmann kjem att – seg meg da um han har tapt seg nogo desse åra, – um politiken har tjåka han ut.

Du spør etter valgjê her; å eg trur ikkje oftedølane har nogor von, for det finst mest ikkje det slage her. Høgre er farlegare, mange er det av deim og godt held dei ihop; ein stor del vinstrefolk er ikkje lite på, særleg mange [...] brande upp i Heiddalen. Elles tenkjer eg sikkert, at valgmannsvalge blir “reint”. Nei dei [...] oftedølane! dei er no det skamlausaste, vøreslausaste og ondskapsfullaste pak som finst! “Framg.”, “Folkets avis” og “Krstpost.” har havt det travelt med å gjort Bjørnson til mordar no ei tid; men no kom det upp eit brev frå Rikter åt Haugland[2] som kanhende gjerer ende på den visa. Fy skamme [...] han Per Sivle![3] Og Vonheimsaspektane skulde ein spenne på tunnvembe så dei svølgde tunga. For “moralen” deres vilde eg ikkje gjeva gammelvottane mine. Meir frå Bøneslien. Og så fær du leva så væl, da!

Helsing frå Pål og Iver!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Komedien Jacob von Thyboe (1723) av Ludvig Holberg.
  2. Tidlegare statsråd Ludvig Daae hadde fått svskrift frå Richter. Daae trykte brevet i Dagbladet, og derifra kom det (litt avkorta) i Fedraheimen 29. juni.
  3. Sivle var redaktør i Kristianiaposten.