Kjeldearkiv:1888-11-24 Brev frå Kleiven til Prestgard
1888-11-24 Brev frå Kleiven til Prestgard | |
---|---|
Informasjon om brevet | |
Dato: | 24.11.1888 |
Stad: | Vågå |
Frå: | Ivar Kleiven |
Til: | Kristian Prestgard |
Nr. i samling: | 48 |
Samling: | Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 |
Oppbevaringsstad: | Opplandsarkivet |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
24. 11. 88.
Ømt elskede store-bror!
Idag lyt eg nok finne fram gaosavengjedn[1] og skjera meg ein pen som kan gao aoversleg fint, for no lyt eg, bitterdø, skrive åt ’om storebror! For det er lengje no sia han høyrde frå meg, lat meg sjao, kor mange veker det er – å ja det hugsar eg ikkje så plent, men det veit eg, at da han strauk da var eg nyraka og no er skjegge tettved 1 ½ tumme laongt.
Lat meg no sjao korleis eg skal leggja det ut så eg fær sagt det eg trøng på eitt ark og så eg attåt kan få han storebror på møle att, for han er både sur og sint på meg, han, skal du veta. Fyrst lyt eg da fortelja, at eg og alle mine har helsao og at vi ynskjer deg det sama evindelig av hjertet. Og eg har det elles grueleg travelt no, ja, eg kan segja, at eg har havt det slikt heile tia sia eg sist tala ved deg. Fyrst arbeidde eg treverk åt ½ dusin kufferte, så klembde eg på og gjorde meg ei ny, fin seng, peparsveinseng for 1 mann – ja ho er no såvidt brei, at um han storebror kjem att og ikkje har lagt seg altfor mykje ut i Telemarken, så skal han rymme hjå meg, når han ligg etter tunnkanten, da. Så har eg gjort 4 par tresolsko, velt um ei reint skjeivbroten symaskine og endeleg “realiserte” eg ein tankje, som eg har gått kjêdeger med år og dag. For meg, som er alleslags kar, sånær som brakar, veit du at det er umissande å ha alle sine “remeli” lettvinnt ved hånda såsom al den ambo eg har bruk for som peparsvein, forfattar, bokbindar, salmaker, skomaker, snikker, smed og mekaniker. Når ein skal ha alt sit slingt her og der i røom så leita det reint på augedn å gå og gløse etter di. Og så har eg spikelert og grunda på, å arbeidt meg ein håndverksbenk slik, at han tôk mykje, men enda tok lite rum burt, slik, at sama tia som han var filbenk og arbeidsbord kunde vera pult og stasmøbel attåt. Jau, så vart eg forlikt med meg sjøl um kordan han skulde vera, fredag i førreveka var detta, og dermed klembde eg åt og dreia stetter sama dagen. Å, kor eg har kjila morgon og kveld og all dagen, i arbeid føre og etter dei andre! Men så er eg au så langt komen, at eg idag kan sitja frammed benka – ja han er pult idag da, skjønar du – og skrive åt ’om storebror; imorgon skal han få lås på skuffedn og fernisseras både for og bak. Men jaggu skulde du sjå, at det er eit grepa plagg au, det skulde du! Berre den øvste skuffa kan du forbanne deg på er lugum – etla åt bokbindar-vyrkje og skrivsaker – med så fæle gjøymslor og klaffer, at det er mykje påfær. Ja, han er guddomeleg! Deretter skal det klemmas på med bokbinding på harde livet. Men ei avritsa da! Ja det lapperie har eg skreve 2 sior kladd åt sia du var her. Eg skreiv åt Litlerê og spurde, um han vilde forleggje det skrape og fekk til svar, at iår kunde han ikkje, han var komen i stor skuld, sa han, og laut no for det fyrste koma utur den, sa han, men fekk han berre selt nok bøker, så skulde nok den norske bokhandelen koma på føterne, sa han. Vi fekk talas ved tilårs att, sa han. Så har han sendt meg mykje bøker som eg sel utruleg av. Men etter dette kolna arbeidshugen ser du – kan du segja meg kor [...] eg skal av med avritsom? Veit du nogo “sted” millom himil og jord der dei forlegg slikt? Hm? Eg ikkje. Samlaget? Å skjit – nei, det skal vera finslipte saker der, ser du, og så har dei vist nokk før for lange tider. Likevæl er det tanken å arbeide på avritsa ivinter, kvar tid og time “ånden” er over meg. Åt Seippel skreiv eg au sama gongen og ba han um, å sende attende “gamle brevsaker” og spurde samstundes um det kunde vera von til, at samlagsstyre vilde gjera seg så inderleg toskot, at dei let [m]eg få eit stipendium til å reise åt Lomsbygdom med for å sjå åt um eg ikkje kunde bli gjivt eg au, sa eg og så skulde eg ta med meg ei korg og hemte aks, nei, sagn! sa eg. Men neigu har han ikkje svara meg såmykje som stabben enda. – Ja såleis buskapas det med meg. Enn med deg? Å kor eg stundar på ein lang, lang, lang epistel! For ein [...] kreka du er, som ikkje har skreve berre for di, eg toska til, da eg var i anfekting, å lova deg, at du skulde finne brev frå meg når du kom åt Seljord! Ja, du skal ha det att når eg bli stipendiat og kjem åt Lom – – –
– – – Hit kom eg til det leite posten plega koma og med posten kom eit godt hugfriskt brev frå deg som du skal ha tusen takk for! Jau, eg har tvilt på det, eg, at det kom til å gå så, at fabrikplana dunsta burt av seg sjøl når du berre eingong fekk åføre til å “sleppe” deg, lite på deg sjøl og freiste gjera bruk av det du har lært. Eg tenkjer du er komen på rette hylla no og har von um, at du vil gro fast attåt skula på Utgarden. Lykke til arbeidet! Og det vøre ikkje fortidlegt, at vi kunde sende ein arbeidar inn i “vingården”vi nordøler hell, ein, som har med seg nogo norasnugg frå flyom og høgdom vore, nogo ange frå einê og gronn – dei har sendt ein lenger syd i dalen[2], men han går der ner i Harang med den romantiske broka si forutta hengsler så det er gjer millom hjå ’om. Berre innbill deg no ikkje, at vi tek imot deg med “strengeleg og harpespil” når du kjem rutlande frå “Moen” tilsumars! Å nei, [...] vi bli nok så høveleg “imponert” vi, difor um vi har ein lang rekel på Utgarden som har “foredrag” den og den timen på timesetelen. – Men eg er sint på deg for ein ting – du hadde ingor tru på, at det gjekk an å gjera nogo i Heiddalen, da vi prata um det i haust. Det er ei “død tro” skal eg segja deg og seint eller tidleg skal du ta på deg nogre stengjiler med nybrot deruppe, antel du vil eller ei. Men det hastar no ikkje å åmåle på det her i dag, er eg her “tilhuse” seinar, så jagu skal eg kraffse på samvittugheita di um den tingen, det kan du gje deg pao.
Nei så du rettar slike fine stilar du – den som kunde fått sett kordans gretto du gjerer mea! Og så er dei slike glupe sauggor ho Imbjør Solbjør og ho Anne Næs. Kavere skrivtlegt åt meg for “karakteren” henna Imbjør, du, set fingeren på auga og bed [...] slå til på det istaen for embetssegl så jaggu kostar eg ei halv breidd til i den nye senga mi og frir. For “unter uns gesagt”, så var det nogo med meg og henna. No, du skal tvile, er greidt? Jau så mi liv og sjæl kasta ho meg ikkje med ein snjoball eingong uppi Raukleivbakkom da det store skirenne gjekk “over jorden”, det gjorde ho, og slikt det er ikkje til å ta imist av. Dei tek deg iakt, skjønar du og går antel i gråe eller gvite hosur – [...] og so fær du vera helsa frå alle på Kleiven! Helse dei, som spør etter meg!
Din
Ivar.
Har høyrt igjår at Ole frå Stevns er arrivereret.
Orboka komen lengje sea og skreppe skal du fao, det kan du gje deg pao, men jaggu bli det vist med slet og bet å koma frami eit skinn av ein død kastakalv, lel!
Adressa hans Ola Stokstad fekk eg ikkje tak i så snøgt som eg meinte og så fekk eg veta at du hadde skreve ette ’na.