Kjeldearkiv:1889-12-05 Brev frå Kleiven til Prestgard

1889-12-05 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 5.12.1889
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 63
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 5. 12. 1889.

Kristianus!

Korleis [...] er det med deg, gut? ein høyrer ikkje såmykje som eit mukk frå deg viku etter viku – har du vore dau, så måtte no det sporst au, for det spørst no alt, um det er alder så låkt. Rart [...] at du ikkje senda meg eit gratlatjonskort da eg vart rispetrant i bygdastyre ein dag og nestformann i skulestyre den andre! Nei du eig nok ikkje snev av vørna “for store og betydningsfulde komunale og medborgerlige stillinger.” Ja, det kunde vore mangeslags betragtninger å kome med um desse vale, men det fær no vera med di, dennegongen til eg fær sjå um det kan vera råd å få eit skikkelegt brev frå deg, og um du vil gjøre din “skyldigste reverents” og som han Jakob skomaker ta huva under armen.

Iver gjorde Danmarksreise åt Xania og fekk “innledning” til iktfeber, så han kom att så stiv både i bakbeinom og dei andre utlemmom, at det knaka – no har han retterert seg etter vonom.

Jau no kan du ta til å leite deg ut kjerringemne når du vil, for no skal det brennande dø ikkje bli vandt um skilling å leva av! Ja, dersom du vil gjeva deg inn i det store lauvte-firma eg kjem til å setja igang til sumars: Kleiwen & Co. Eller vil du endeleg ha namne dit inn attåt: Kleiwen & Presthgardh? du har no fulla [...] såpas folkeskikk, at du ikkje set på å brengjast å vil ha namne ditt føre, veit eg. Og det skal bli grovt til forretning: eg styrer hugurikje og du kolonierne, det vil segja eg har gåande berrføtte gutunger, gamle kjerringo og gjætare og budeio i Bøneslien og på Bringa og sia etter heile Stordalen, og du likeeins på Stålom, etter Murudalen og viare. Når det så li utpå seinhausten så dei siste thekassune er sendt og dei tjukke la’ med femhundrekronsetler tek til å koma att i skreppun hans Joh. Brånå – jau da skal det bli moro og leva. For den som er gjivt, da, og eg er no meint på å gjivte meg, trast dagen tek til å togne til att lite.

I rein prosa, så ser dette såleis ut: fyrst senda eg 6 prøvor av lauvte åt ingeniør Frølich, fekk svar att, at det var nogo dei interesserte seg grovt for. Vilde ha fleire prøvor å sende utover åt videnskabsmænd og læger – dei vilde ta seg av saka og freiste få det til å bli ei forretning – til løn for stræve vilde Frølich og hustru tinge på at “Husflidsudsalget” fekk eineutsalget. Så senda eg etter 4 større prøvor og såleis står saka no. Kan fulla ikkje vente å høyre nogo frå vitenskapen førre jul eller kor det no kan vera.

Åt Seippel skreiv eg au eindagen um boka mi, men enno ikkje eit kny. Eg hadde vore huga på skjilling, måta; eg har elles trutt, at eg skulde havt ein heil brote tilgode av deim, men her eindagen drog eg i minne, at eg fekk heile 50 kronor i forskud um våren i 88. – No har dykk fulla Filseth til å halde tål åt døkk – han heldt tål her au men eg tykte karen hadde arbeidt forlite på det – eg snerta han med det au, og ba han um særleg og ta med den utjemning av standsskilnaden, som den nye skulelova vil bera med seg. Det var så turt, det han for med, tykte eg. Snil gut, den Filseth og sikkert ein bra kar.

Bokbinding til kvar dag så eg går mesta trøytt. Skriv no da, [...] eller tak deg ein tur norover skogen ender og gong!

Ivar.