Kjeldearkiv:1889-12-27 Brev frå Kleiven til Prestgard
1889-12-27 Brev frå Kleiven til Prestgard | |
---|---|
Informasjon om brevet | |
Dato: | 27.12.1889 |
Stad: | Vågå |
Frå: | Ivar Kleiven |
Til: | Kristian Prestgard |
Nr. i samling: | 64 |
Samling: | Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 |
Oppbevaringsstad: | Opplandsarkivet |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
Lalm 27. 12 [1889]
Kristian!
Med “bokringen” bli det nok berre skjit, ettersom eg kan skjøne, for eg trur ikkje vi bli såmange som 10. Eg har arbeidt ut eit bokutval med 3 “alternativ”, men eg er ikkje kar for å koma under 6 kr. på kvar medlem um vi vørte 12 stkj. Fær vist la det skure. Skulde eg vera så heppen å få med såmange, at vi kunde bli 10 skal eg sende deg “beskjeng” m. m. men når det ikkje alt er tilskjipa no, kom det til å dragne så langt på åre førr vi kom igang, at du, som truleg skal und[e]r malisen, vilde forlise ein heil haug med lesnad. Som det no står veit eg ikkje å få med fleire enn sjau.
Har liggje inne å grisa heile jula, lese “Innestengt”[1], “Småstubbar” V[2]. m. m. Glup bok den åt Sande! Fælt til kar han Mons, bli!
Men no skal du høyre eg har nogo fælt i verkom! Eg tenkjer på å gjeva ut blae åt Samtalelage[3] vort som månadsblad som dei, som vilde, kunde få tinge. Skulde arbeie for målsaken, for kvinnesaken, mot uskikker, for betre moral, for friheit, likheit, brorskap. Skriv åt Filseth imorgon for å lye etter kva det vil koste å få trykt t. d. 25 no på storleik som “Framg.” 1 gong i månaen. Redaktørane har eg meint skulde bli eg, du og Kari Melum og kanskje Hans Øihusom. Samtalelage væl kanhende meg til redaktør, um dei går med på dette brigde, men i så tilfelle vil eg få sikkert lov på døkkor hjelp.
Trur du ikkje det kunde gå an å få gjort nogo med di? Vekt hugen og ettertanken, klåra syne og vekt ordskifte mann og mann imellem um mangt, som no går forbi i lause luften. Jau, eg veit du går med.
Val på or[d]førar idag i bygdastyre: truleg vil den trutne klukkaren døkkun[4] få mange stemmor.
Godt nyttår!
Din
Ivar.
Paoskrivt.
Fell det forrdyrt å prente Otdølen så lyt vi freiste ein hektograf. Elles tenkjer eg Filseth beinkar til det han kan for å få det så billigt som mogelegt.
Trur du, at t. d. Ola Prestgarden både kunde og vilde skrive lite i bladet? Held helles tett um det heile til vi fær sjå. Årsmøte i samtalelage sondag millom jul og nyttår kl. 5 eftan, kom, har du hug.
Ds.
Fotnoter
- ↑ Forteljing (1889) av Olav Sande.
- ↑ Smaastubbar. Femte samling var ein del av ein serie med forteljingar av ymse forfattarar som Mons Litleré hadde byrja å gje ut i 1886 under tittelen Smaa-stubbar aat folket.
- ↑ Otdølen.
- ↑ Jørgen Nilsen.