Kjeldearkiv:1908-02-09 Brev frå Kleiven til Prestgard

1908-02-09 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 9.2.1908
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 138
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætre 9/2. 1908.

Kjære Kristian!

Alle Slag Takk for Breve! Reint for mange Lovord um “I. g. D.” men de gle’r meg storleg, at du tykje eg har gjeve att Stilen, Maalføringje, med Truskap. Saalangt Bygdahistoriun røkk, da; naar de ber te med Skildringo og Livsbilæte og i de heile de, som de ikje er nugun fast “Bygdastil” aa helde se aat, saa er de paa Vone um eg har funne rette Tonin. Gjæt vel ette ’om Jo Gjende! eg ottast ’taa, at der kann “Optugtelsen” gaatt ivi Nature saa eg er vorte “literær”, de er saa fortrædele snøgt gjort for oss Maalfolk enno. Men mitt Beste har eg gjort, de veit eg og ingen kan leggje ei Aln paa Voksten sin, maa’ta.

Aa ja, “Kritikken” tek de roleg enno, Storbla’e vil nok sjaa Endin førr døm si nogo er Von. Storm kjøm full vill og sinnt med all Lærdome sine og slær meg flat som ei Pannkaku for di, eg ikje i “Videnskabens Interesse” ha brukt Lydskrifte hans. Um han vørd meg saa mykje, da, de kan no au vera paa Vone. Og Vestlenningann døm veit uttanaat, at de ikje kann koma nogo godt fraa Nasaret – eg har nok mest som tykt de ha vore rart, at ikje “D. 17 Mai” har sagt eit Ord enno, antell til Klo hell Go’o. Men eg fær de full naar Ti’a kjøm. Ein Mengde “Lokalblad” utivi Lande, baade paa Austlande og Vestlande har mellt Bokje og gjeven ’n stor Ros; Svein Moren skreiv ei god Melling i “Østlændingen” og ein Vestlenning (eg kjenne ikje Marke hans elles) i “Søndfjord” kyter hardt og sejer, at det er ikje som aa lesa Skrift naar ein les I. g. D. “det er som livande Ord.”[1] Saa eg kan ikje vente meg korkje meir hell be’re hit te. Kaarlest Bokje “gaar” i Heimbygden veit eg ikje vi’are um; eg trur de kjøm saa ein 10 Stk. aat Lalm, men ho er dyr, maa’ta og Bygdafolk kjøpe ikje dyre Bøk, ser du. Men de kann nok hende, ho vil gaa be’re naar de li’ saa Ættesogune kjøm, de er der, veit du, eg har “rørt ved Pavens Krone og Munkenes Bug”[2] men eg vil vonast, at de for meg vil faa eit betre Utfall hell for ’om Martin Luther. Men, let oss ikje taalaa um denne Bokje meir i einn Gong – eg er longe lei ’taa ’n og enno har eg att 4 Ark aa lesa Korrektur paa – sia’ ska eg ha ferdog ein Namn-Register og skrive eit Firiord med stor Høgti’ og Andagt. Det du sejer um Bilæte er sannt og eg ha au mange fleir, men Aschehoug tykte de vart fordrugt – eg trur han har etla seg te aa taapaa Pening paa Boken.

Jau, de raakaa nettup te, at du gjet paa rigtogt: eg er i full Gang med aa skrive Kulturbilæte (“mine Erindringer”). Døm heite saamykje som “I Heimegrendi. Minni fraa Sekstiaarom” og tek upp “Kring Peisen” (ikje fullt de halve ’taa Boken) attaat slike Ting som “Storfloumen” (1860), “Ny-Vegen”, “Skulen”, “Almuevennen”, “Sæterlego I” (um Somaren), “Sæterlego II” (um Vinter’n), “By[g]daskrivar”, “Lauvraa’ning”, “Hampebraaking” o. M. Eg er allt ferdog med halve Boken, paa Lag 100 Si’o, og har skrivi aat Aschehoug for tri Daagaa sia, eg vilde høyre, veit du, um han vil ha meir aa gjera med meg her i Verd’n.[3] Kjøm ikje naagaa Meinbægje atti Vegen, tenkje eg aa ha heile Verke ferdogt te i Midten ’taa Marts. Glup Bok? Ja, – eg veit ikje; somt tykjy eg nok er værd baade Papire og Sverta som skal te for aa faa de prenta, au. Mange tykte overlag vel um “Kring Peisen” og mykjy ’taa hine held no eg vissa saa godt, men difor kann de nok vera berre Skrap. Ein Ting trur eg er te aa lite paa: Bokje vil gje eit sannfer’le Bilæte ’taa Bondlive i Grend’n heime inna’stokks og utta’stokks eit Aar umkring 1860. De Aare va eit stort “Vendepunkt” for da vart de ny Veg gjønom Bygde, den nye Skul’love kom og Lannhandlarann bar te aa gro upp og mangt anna fylgde med “de forbedrede Kommunikationer”. Emne er oveleg gjilde, men um eg har vore Mann for aa nytta døm paa rette Gjerde, de er eit Spørsmaal ikje eg tør svara paa. Fær eg berre ein Forleggjar, saa skal du no faa sjaa heile Herle’domen naar de lid fram paa Somaren; men um du fær stor “Uppbyggjels” vil eg ikje lova. Eg ottast ’taa, at de ikje er som aa taakaa uppaa Hylla aa faa ein Forleggjar.

Aa faa Tak i di burtkomne ’taa “Syn og Segn” vil vera ein stor Treff; “Samlaget” lota ut dei 7 fyrste Aargangann paa Maalmarkna’e i 1904; sjøl har eg ikje heil den 7de Aarg. men lout laane meg fram Eindagen da eg begjynde med “I Heimegrendi”. Eg sporde Antikvariatet “Bogvennen” men de kunde ikje skaffe Hefte hell heile eldre Aargange, men eg skal likevæl naar de fell, høyre ette hjaa Damm & Søn., døm har no mest all Ting der.

Eg sit ferdog te aa klembe loust med Krag berre eg fær eit Brev fraa Son hans, Oberst Krag. Eg skreiv aat honom Eindagen og senda med eit Portræt ’taa Far hans eg Eingong fekk hjaa ’om Paal Blessum, for eg vilde høyre, um de va godt. Med di sama sporde [eg], um hann hell nugun ’taa Ækten kunde ha eit Rits hell ei Teikning ’taa di gamle Fastskula. Paa Firihand fekk eg eit overlag godbeine Svar, at han um snøgg Tid skulde sende meg eit betre og større Bilæte ’taa Far sine, de andre eg nemnde paa, svara han ikje paa, men Breve va skrivi i Snøggunn. Eg stunda paa Breve hans for saa Slegtkjære som dei Kragann er, er eg sikker paa eg fær eitkvart meir hell berre Bilæte ’taa Far’e. Obersten likte godt, at eg vilde skrive um Far hans i “Symra” og ein Gong førr har han takka meg for det eg eitt Aare skreiv um han i Syn og Segn. – Nei Vaagaamaal let se nok ikje bruke aat Stykje um Krag, eg ska bruke patent Landsmaal etter Midlandsformi (kanhende eg lura med Dativ i Fleirtal). – Jou, du, Filseth har mellt “Symra” i Dølen med stor Ros, det Numre maa ha vorte burte for deg. Eg har elles sêt ho mellt med store Lovord paa fleire Stelle saa de er visst, at Folk her i Lande no held paa aa bli var ’n. “Syn og Segn” har den siste Mellingje eg har sêt.

Etter di du nemne paa eit Dølabrev te, skal eg sjaa te aa yte ivegen eitt att-i hine Vikun, men døm er no full lite verd di Breve, er eg rædd.

Du kjøm full ihog Sme’en som slog saa store Spikar, at de ikje vart att noko te Hugu; saales er eg ottfull ’taa, at de endar med meg au. No skal du høyre. Paa Titelblade aat “I gamle Daagaa” tenkjer eg aa setja I! II skulde da bli ein “topografisk, statistisk, historisk, økonomisk Beskrivelse” taa Bygden med Bilæte, Kart, Ætte-Tavlo og m. M., Skulehistori, Prestehistori, Samanlikningo med hine Bygdom i Dale – stutt sagt ei økonomisk og kulturhistorisk Skildring ’taa Bygden saa langt attende, som noko kan rekkjast og ned aat 1860. Mykje Grunnto aat desse Bolkje har eg allt samla, men mykjy staar au att. Idag har eg skrivi aat “Den hist. Forening”, som styre Advokat Ingar Nielsens Legat for Bygdebeskrivelser, gjeve eit Utdrag ’taa Plan eg har gjort meg upp for Boken og sport, um dei trur de nytta meg ette di, aa søkje um 500 Kr. for aa sanke inn de To som skal til i Riksarkive.[4] II skulde skrivast paa sama Maale som I. Kva Svar eg no fær; de er Yngv. Nielsen, Daae og fleire slike som raa’r der i Garden og døm vil kanhende ikje vera med aa stødja noko Maalstræv. Arbeie elles er noko eg stunda ette aa kunna gjera Aalvor med for det veit eg skulde bli forvitnelegt; men eg maatte liggje minst i 3, 4 Maana i Byen og de kann ikje eg mindre eg fær Pengehjelp fraa ein hell annan Kant. Eg ha vore fælt hoga te, aa faatt gjort de Arbeie; men um de fell seg saa, er nok reint paa de uvisse. Meir um de ein annan Gong.

Saa er oss frammum Kjynde’smess att denne Vinter’n, au, og lite um Senn lyt han rette Klø’n sine. I Fjelle har oss no Sole mesta heile Dagen og naar de kjøm ein vakker Dag er de baade saa vakkert og lett her, at du reint kann lyftast all igjønom. De har no leikt grovt med Vinn og Snjodrev i fleire Dagar denne Viko – reint Buvêr saa de har lota slike Kraftpatriote te, som eg, for aa bera Vatn aat Huse og Fôr aat Krytyrom. Idag er de likt te aa gjeva se, kor lengje de held ve; fyrste Loten ’taa Februar plega ofte vera ostadog og oroleg. Noko serumlag Nytt, veit eg ikje aa melle um, de drivst med Gardhandle Bygde rondt, men de lyt kanskje vera med i eit Dølabrev aat “Posten”. Desse Gardhandlann er no eit leidt “Tidens Tegn” som de lyt gjerast noko ved med di fyrste. – Jou no held oss paa aa bli overlag “ekspedite” baa’e tvo, og kan dette vara, saa maa eg, vissa, “have mig omvendt”.

Med Helsing aat deg og dine fraa alle paa Kleivsæter’n!

Din

Iva Kleiven

Har ikje Ti’e te aa sjaa ette, kormykje eg kan ha miss-skrivi meg!¨

Fotnoter

  1. Omtalen står i Søndfjords Avis 17. desember 1907. Stykket er usignert, men når Kleiven likevel seier «Marke hans», må han meine at signaturen «R. Ø.» ved ei anna melding like ovanfor òg gjeld I gamle Daagaa. R. Ø. står for Rasmus Øvrelid. Han var lærar på Sunnfjord ungdomsskule på denne tida og såleis nesten sambygding med avisa, som kom ut i Førde.
  2. Uttrykk av Erasmus frå Rotterdam da Luther hadde slege opp sine teser mot pavekyrkja og avlatshandelen i Wittenberg 31. oktober 1517. Utsegna er sitert mange stader, m.a. i Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet (1863) og i Volrath Vogt: Kirkehistorie til Skolebrug (1865, 1874 og seinare opplag).
  3. Boka kom på Aschehoug i 1908.
  4. Ifølgje oversyn over tildelingar i boka Norsk historisk videnskap i femti år 1869–1919 (1920, s. 284) fekk ikkje Kleiven noko frå dette legatet.