Kjeldearkiv:1922-12-05 Brev frå Kleiven til Prestgard

1922-12-05 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 5.12.1922
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 158
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætra 5/12. 22.

Kjære Kristian!

Da vi alt er kome te den “5te hujus i i denne maaned”[1] tenkte eg paa idag da eg stod upp, at skulde eg kunna naa deg med ei julehelsing te helga, maatte eg skrive idag, for dagane gaar som ein røyk.

Eg tenkte elles, at eg denne gongen kunde senda deg “Lesja og Dovre” som julehelsing, men de glatt paa gjetløskjun. Taa boka, som minst bli 21 ark, er de te idag prenta 7 og saa har eg siti paa krakkom og benkjom her sia i august og venta paa korrekturarka! De er sjølsagt den [...] julflaumen som forsett prenteverke aat Aschehoug – Det Mallingske –, elles bar faktoren[2] seg for, at de bar te aa vante skrift av de slage boka er prenta med, no sist da eg murra for, at prentinga gjekk lusande sein[t].

For meg er de berre ein hugnad, at boka ikje bli med i juleofsin, for eg er sint paa denne sprengen og handverkskritiken kvar jul, og al den skiten som bli klint upp. Men forleggjarane kappast paa hare live med aa ha damvatne ferdig, saa dei kan faa draga upp lukune i høveleg tid fyri jul.

No, ja – boka kjem vel naar tida er kome og da sendar eg deg ei – saa fær du gjera etter som du ser ho fortener: antel slaa ihel ho i Decorahposten eller hengje ho upp i skyene. I siste høve maa du ikje bruke forveik traad, saa de bli ei fljugeulykke etter.

Korleis har du de, kjære gamle ven? Det kan aldri bli nokon “orden i postgangen” millom os, ser de ut for, og eg har saa halvvore venta “nogle rader” fraa deg aar og dag.

Med meg er de etter vonom saa godt og vel som de kan vera; men arbeide tek te aa bli stridt nok. Naar eg no er ferdig med L og Dovre, ber de te med Fron, med Ringbu, Øye o. s. v. Men de er gjildt aa ha nok aa gjera, saa slepp ein syte for arbeidsløysa som no klember saa mange stakkarar. Eg skulde nok likt aa faatt tid te kome med ei ny utgaave av “I gamle daagaa” og eit band te av “I heimegrendi”; men eg fær la de skure ei tid enno og vonast, at Vorherre gje levedag og arbeidshelse.

Vi har havt ein halvlaak, kald, vaat og rusken somar baade i bygden og paa fjelle iaar; til no dei siste 8–10 dagane har de vore mesta bert au, no er de endeleg kome saamykje snø, at vi her kan bruke ski “heim paa Brekka”, og heile Bøneslidalen er vorte kvit jemnt over.

Paal driv med snikring og treskjering, no har han eit stort stuguskaap paa “beddingen” som skal vera huspryd te jul paa ein av garom i Ottdalen, og saa skal eg “dekorere” med kvost og pensel og blaase liv i alle di blad og krillar som sløngjer og lykkjar og krøkjer seg mest paa kvar ein flekk. Fy, de skull ingen vera “altmuligmann” naar ein tek te aa bli gomol!

Vil du no “beære” meg med nokre ord med de fyrste de kan felle seg, er eg hjarteleg takksam – nokre ord fraa deg er liksom noko aa leva paa i lang tid, dei tendar liv i saa mange gode, glade minner fraa fjell og dal som kan yngje ein upp.

Gledeleg jul og godt nyttaar du og dine!

Hjarteleg helsing fraa

Paal og din

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Ordlag frå Mons Østmoes rapport i Fjeldeventyret.
  2. Harald Clausen.