Kjeldearkiv:1931-02-02 Brev frå Kleiven til Prestgard

1931-02-02 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 2.2.1931
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 177
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kyndelsmess 2/2. 31.

Kjære Kristian!

Alle slag takk for godt brev! det kom i huset fjordedag jul og var meg til stor fagna, hugnad og glede, men at det allt nå er fare over ein månad sia brevet kom, det er det nå berre såvidt eg vil gje alma[na]ka rett i – underleg kårlest tida skånå!

Her drivst i den gamle duren: ein dag bryt eg ihop nogo åt den nye utgåva tå I gamle dågå, og den andre knesja eg ihop nogo åt Øyer-boka, fer å skal slå tvo flugu med ein smikk og det er kanskje ikje nogun go arbeidsmåte, ein bli kanskje likesom tviskjenna i tankegangje og arbeidet det same.

Ja du fær nå få tilgjeving for at du ikje kom att [i] fjor, likevel, og eg forstod nok, at du hadde gjyldug grunn. Tru kva er det du meiner når du skriv: “ja, ja til somars fær vi nå sjå” – det har eg spikulert på, eg, gut, men ikje tør eg spørja og ikje tør eg gjeta på. Nogo ligg det altid bakanfor kva pokker det kan vera.

Hm – du skulde nok havt tak i Peter Hovdan du, til å gjeve deg upplysning um målrørsla og framvoksten henar – han er nå ein dugande statistikker på det umkverve, men sålengje framgonga er så uroleg og skiftar frå år til år, er han ikje kome med noko større arbeid ennå . . Eg skulde nok ha ikje så lite kjeldevyrkje frå di siste 20 årom, men det er såmykje av det som ligg i “Mortensens Kaos”, at det er mest uråd å tenkje på å sanke det fram att. Likevel skal eg freiste å gje deg nogre stødjestaver som kanskje kan vera til nogo hjelp på sume leider. Det vilde vera gledeleg um du kunde lære døm der ved collegiet å sjå med andre augo på det nasjonale gjennombrote og målsaka, eg har fått den tøkkj at dei ser på måle, dansknorsken, med sama augo som bøndane for 70–80 år sia: det var helligt, Vorherres eigje mål! Og jaggu er det mykjy tå Amerikanerom som kjem heim att som ennå talar “riks” frå Jensens læsebok – Vorherres danske pannkakumål! Så kann du gje dette rangsyne på målrørsla som vist er det ålmenne i Amerika, eit ulivssår, skal det glede meg all igjenom.

Det er nå ikje langt æve enno sia nynorsken bar te å skjote dei fyrste granne eienda og ingen forstod nok kva det ha på seg da mållæra hans Ivar Åsen kom i 1848 og ordboka i 1851[1], det siste åre kom Dølen, au. Men alt i 1853 var spørsmåle um å ta folkemåle i bruk i skula framme i eit lærarmøte på Toten, eit liknande i Nidaros i 61 og i Oslo 1863. På desse møtom klaga lærarane se bittert over, at dei ikje kunde sleppe te å bruke det eigne måle åt bonom te upplæringsmål. Krav um oldnorsk ved seminariene kom sterkt upp i desse årom og vilde stødja norskdomen. I 1868 kom Det norske Samlage og Vestmannalage og nå tok det smått um senn te å gro upp ein liten flokk som med fullt medvit tok upp arbeidet for å reise upp att i munn og bok vårt eigje folkemål. Namne målstræv og målstrævar kom i bruk, men by og embetsfolk heldt dette for å vera så meiningslaust at dei hadde ikje anna hell glis og vanvørdna å bjo. Dei var fødde og alne i dansk kultur og den fekk nok det norske folke finne seg i å te-eigne seg i mål og sed var det så dei vilde nå nokor daning. Det norske, nasjonale det var klåre råskap! At måle, bok- og bymåle, va husmannsmerkje frå Danmark såg ikje intelligensen eller vilde lyfte ein finger til å skure dei av. Den lange husmannstida var skuld i at intelligensen var så unasjonal og ennå er det.

Det var nå gjenom kjørkja og skulen vi for storparten miste vårt eigje mål og det vilde ikje vera underleg um dette ervegulle kunde koma attende pålag sama veigen. I 1874 vart det ordskifte i sjølve det norske stortinget um både oldnorsk og “landsmål” – “klinte blandt hveten!”[2] Det var nå berre ein forpostfektning ein fekk tru ikje vart til meire ugagn – men i 1878 kom måldjevelen att og med stor tyngd: 35 tingmenn frå alle landsens kante kom med framlegg um, at upplæringa i folkeskula skulde gjevast på det eigje måle åt bonom, “såvidt mulegt”. Dette framlegge vart ikje lovfesta, men regjeringa var bede um å ta det inn i plana for folkeskulom og det vart gjort. Men dei gneistane Åsen, Vinje og mange andre fedrelandskjære menn hadde slegje bar til å fengje i bygd og by, og i 1883[3] reiste norskdomen hugu på nytt i stortingssalen og nå var han ikje smånøgd, hell, nå kravdest det full rett for nynorsken, folkemålet, jemnbreidda med bokmåle, dansken. Sjølve framlegge var skrive på nynorsk og underskrive av 41 tingmenn, fyrste dokumente på norsk mål i det norske storting! Frå kjørkjenemnda kom framlege attende åt stortinge godkjent av statsråden (Blix) med denne ordlyden: “Regjeringen anmodes om at træffe fornøden forføining til at det norske folkesprog som skole- og offentlig sprog sidestilles med vårt almindelige skrift- og bogsprog”. Denne innstillinga vart i tinget vedtekje med 78 mot 32 stemmor og hermed hadde folkemåle, nynorsken, fått lovfast grunn under seg i sit eigje gamle heimland. Dei neraste åra frametter tok nå nynorsken te å vinne meir og meir inngang i skulom på imse kante i landet.

I 1889 tok tinget ved ei ny skulelov der § 73 lyder slik: “Undervisningen skal foregå i det norske sprog. Skolestyret bestemmer om skolens læse- og lærebøker skal være avfattet på landsmål eller det almindelige bokmål og hvilket av disse mål elevernes skriftlige arbeider i almindelighed skal være avfattet i. Dog skal eleverne lære at læse begge mål. Inden skolestyret fatter sin beslutning skal skoledirektørens og derefter kredsenes erklæring være indhentet.”

Etter skulelova frå 1889 har norsken på dei 41 årom gått dugeleg fram um ein kanskje ikje kan bruke så sterkt ord som kjempesteg; men den som minnes skulemåle og upplæringa som ho var i 1880 og lærer å kjenne dei idag vil finne ein himelvid skilnad. I alle fag er det kome lærebøker på nynorsk og for lærarom er det utkome ein ikje så liten pedagogisk literatur og går eit vælstyrt tidsskrivt, alt på nynorsk. Det store fleirtale tå landslærarom er, au, målmenn og det er ikje tvil um at det er den norske folkeskulen som ber sigeren heim for det norske måle. Av dei 6000 landsskulekrinsar landet har er ennå berre nogo over 2000 krinsar gått over te å bruke heilt nynorsk, men det sig så jemt frametter på rett leid, dei siste 10 åra så pålag 25 krinse årleg med eitt og anna stor-år imillom.

I den norske kjørkja vinn nynorsken større og større rom til kvar tid; for 10 år sia i 1920 var det 66 landskjørkjor som hadde heilnorsk gudstenest, men i år er det meir enn det dubbelte. I dei siste årom er det kome nynorsk alterbok og ho var i 1930 teke ibruk i 161 kjørkjor, nynorsk liturgi var same tida innførd i 222 kjørkjor. Desse tala er elles i stadig vokst, og tale på prestom som bruka folkemålet på preikstolen aukar likeeins, dei er alt ikje så få i tal. – Ved det kgl. Fredriks universitet har ikje nynorsken stått i høg kurs, men også der er nynorsken trengt se inn og både ved artium og embetseksamen lyt dei nå avleggje prøve for at dei har lært landsmål, båe mål er valfrie til embetseksamen. Etter 1899 har universitete havt 1 professor i landsmål[4] og ikje mindre hell 4 av dei andre professorar er målmenn og held forelesingane sine på nynorsk.

Den nynorske bokavlen har lengje stått høgt, vi har havt mange overlag gode diktare og dugande forfattarar på alle umkverve og ein av dei noko yngre[5] har dei siste åra vore gjete på som Nobelpris-vinnar. I bokavlen står nynorsken fullt på høgd med dansknorsken og den er i stadig vokst.

I styringsverke og det praktiske liv byrjar folkemåle og trengje fort inn, det er såleis vorte gjeldande regel, at når eit herredsstyre krev brevskifte med styremaktom på landsmål, så fær dei svar på same målet, på denne gjerda vinn nynorsken stadig inngang meir og meir i administrasjonen.

I dei seinare årom bli det kravt norske namn på jønnbanestasjoner og norske uppslag i vognom, norske namn på kart, på veigjer, elver, fjell og høgder, bygder, grend og garder. Folk vil ikje lenger finne seg i dei skjeivbrotne, ofte heilt meiningslause namna vi fekk klint på folk, hus og grunn tå danske fauter og andre embetsmenn i dansketida. Mykje av all denne norskdomen vi tek til at helde så hardt på kan kanskje for mange sjå smått ut, men når eit folk vakna te nasjonalt sjølstende og vil vera seg sjøl på eigje grunn og suge næring gjennom sine eigne rottrevlor – da bli ikje nokon tå våre nasjonale eigneluter småe, dei høyrer til vårt nasjonale liv.

Vi norsk norske har langt fram ennå før sigeren er vunne og striden er avblåsen, det vil nok bli både lang og beisk strid ennå og dei, som søkjer sin åndelege livsgrunn i dansk mål og kultur dei vil framleies “gå med slavebolten i kjeften”, som Vinje sa[6]. Men utfalle er det ikje grunn til å tvile um. Det er serleg ungdomen som her er vår sikre von, han ber til å bli heilnorsk “innstillt”, og dei store fylkingar som er samla under fanune åt Norigs mållag og Norigs ungdomslag, dei slepper aldri merkjet eller bryt ringen dei har knept um vårt sjøleigne, norske mål.

Det kunde vera verd å nemne rettskrivingsbrigde i 1907 og 1917 av bokmåle som båe gjekk i norsk leid, den siste mest og den fekk au hardaste motbøren. Men nå er mest alle, enda di store, argaste høgreavisune, mest forende gått over åt brigde frå 1917 – og det er allt gjete på eit nytt brigde. Fleire av dei yngre forfattarom skriv eit bokmål så norsk, at har det vore i 1890 vilde ingen lese det dei skreiv, men nå er det vorte kapping på denne leida, au. Eg trur at bokmåle etter hand fell i fisk av seg sjøl, norsken sprengjer det.

Nynorsken, landsmålet, er au i stadig utvikling og er vorte mjukare, meire ledugt, Austlande kjem meir og meir med. Um norskdansken og nynorsken ein gong kan renne isamen te eit fullnorsk mål og målstriden blir avblåse, kan nok tenkjast, for denne striden er både til skam og skade. Men eg er redd den dagen ennå er langt unda og ein fær bu seg på striden ennå ei beite. Når vi så langt dei neste 30 åra som dei førre vil vi vera langt komne i 1960!

Ja feit bli du ikje av den statistikken eg kjem med her, og det gjer du ikje av den andre, grunne utgreidinga eg fann på å leggje attåt. Ho er nå heller ikkje meint å vera til “lærdom eller optuktelse i retferdighed” som det stod i forklaringen. Ho er likesom mit syn på denne saka og skulde du finne noko du kan bruke når du skal ta for deg studentane ved Collegiet, er det meir hell væl undt – er elles redd det bli som å leite ette synåln i høylasse.

Svartaste vintern er allt faren, sola skjin i over 5 timer att når ho slepp fram og kveldseto stryk nord og nedtil; vi har så høveleg med snø og kalden har vore svært rimeleg. Det er såvidt vi ein hell 2 gonger har havt 26°C men det vara ikje lengje. Ski har eg knapt havt på beinom i vinter, for eg er redd bakfoten ikje måtar til det bruk, men eg lyt nå gjera ein freistna nå snart likevæl.

Amerikabreva skal koma når det lid lite lenger fram på vintren, eg lyt får sendt nokre tå døm hit frå Tullin i Ringbu, såvidt eg minnest er nokre frå 1837[7]. Med desse fær det skure denne gongen, eg skulde ha lese korrektur for eg vonast at svarten har vore ute, men det lid langt på kveld og eg fær lite på du forstår det meste. Med ei hjarteleg helsing frå Pål og

din gamle

Ivar.

Fotnoter

  1. Det norske Folkesprogs Grammatikk (1848) og Ordbog over det norske Folkesprog (1850).
  2. Etter likninga i Matt. 13,24–30 om klinten (ugraset) som vart sådd mellom kveiten.
  3. Skal vera 1885.
  4. Den første var Marius Hægstad.
  5. Olav Duun.
  6. Frå eit vers i stykket «Um Maalet. I. Dølens Æventyr» i Dølen 31. oktober 1858, opptrykt i A. O. Vinjes Skrifter i Utval I (1883). Førstelina lyder «Det norske Folk er sjukt i Skolten».
  7. Breva er skrivne av Gudbrand Engebretsen Tullien til familien heime i Ringebu. Han utvandra i 1845. Dei eldste breva er frå 1847.