Kleivi (Jostedalen)
Kleivi (Luster, gnr. 202/6 og 10) er to gardsbruk i Mjølverdalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruka høyrer under matrikkelgarden Mjølver og er dei øvste i grenda.
Kleivi | |
---|---|
Alt. namn: | Aspehaug, Ospehaugen, Opheim |
Rydda: | Truleg 1770-åra |
Stad: | Jostedalen |
Sokn: | Jostedalen |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 202 |
Bnr: | 6 og 10 |
Husmannsplass
Kleivi skal ha vore den andre av tre husmannsplassar under Mjølver, og plassen vart truleg rydda i 1770-åra som plass under bnr. 1 Mjølver. Plassen har både gått under namna Kleivi og Aspehaug/Ospehaugen. Frå 1830-åra høyrde plassen til under det utskilde bruket Pikhaugen (bnr. 5).
Snøskredulukke 1846
Natta til 11. februar 1846 vart Kleivi råka av eit stort snøskred som både tok stovehuset der tre vaksne personar låg og sov, og fjøsen der det sov tre born. Dei tre borna kom uskadde frå det og fekk henta hjelp på ein grannegard. Husmannen og ein eldre kar på mest 90 år vart gravne ut uskadde i restane av stovehuset medan husmannskona hadde fått nokre stokkar over seg og var "betydelig beskadiget".[1] På same tidspunkt vart husmannsplassen Leteigen òg øydelagd av snøskred.
Bnr. 6 Aspehaug
Kleivi vart utskild ved ei delingsforretning 26. mai 1883 og fekk då bnr. 6 og namnet Aspehaug.
Bnr. 10 Opheim
Opheim vart rydda som eit sjølveigarbruk kring 1887 og utgjorde halvparten av Kleivi, men vart ikkje formelt utskild frå bnr. 6 før ved delingsforretning 20. juli 1918. Opheim fekk då bnr. 10.
Notar
- ↑ Snøskred i Mjølverdalen 1846 (Jostedal historielag)
Kjelder og litteratur
- Miælver i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital versjon på Nettbiblioteket. Side 592-661.
Koordinater: 61°39′45″ N 7°16′41″ Ø