Kristian Prestgard

Kristian Prestgard (fødd 1866 i Heidal, død 1946 i Decorah, USA) var i si tid ein av nestorane i norsk-amerikansk presse.

Kristian og Orlaug Prestgard ca. 1915.
Foto: Ukjent/Privat eige

Kristian Prestgard vart fødd på Sygard Harildstad i Heidal 29. april 1866. Foreldra var Marit Torsdotter Prestgard (1841–97) og Gudbrand Kristensson Harildstad (1829–1869). Faren var frå Nordgard Harildstad, men kjøpte Sygard i 1865. Faren døydde alt i 1869. Som enkje flytta Marit med Kristian tilbake til Prestgard, og Søre Prestgard vart med det barndomsheimen hans.

Han gjekk på Ullmanns folkehøyskole i Seljord 1885–86. Etter skulevinteren i Seljord gjekk han på Askov folkehøgskule i Danmark 1886-88. Han var folkehøgskulelærar før han reiste som aviskorrespondent til verdsutstillinga i Chicago i 1893 og vart verande i USA. Han gjekk inn i den norsk-amerikanske pressa og vart redaktør i Decorah-Posten i 1898, sjefredaktør frå 1923 til han døydde.

I 1897 gifta han seg med Orlaug Musum frå Flatanger. Orlaug (1873–1919) hadde òg kome til USA i 1893. Dei fekk tre jenter.

Saman med Johannes B. Wist gav han ut tidsskriftet Symra i åra 1905–1914. I 1925 var han med på å skipa Det norsk-amerikanske historielaget / The Norwegian-American Historical Association (NAHA).

Han vart riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1925. I 1935 vart han heidersdoktor i litteratur ved Luther College i Decorah. Kommandør av St. Olavs Orden vart han i 1939.

Sommaren 1927 var han på Noregs-reise saman med ei gruppe amerikanske pressemenn. Han vitja Heidal i forkant på rundturen i Noreg. Bøkene En sommer i Norge I-II (1928) var ei frukt av Noregs-opphaldet.

Litteratur

  • Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932. Ved G. Harildstad og K. Kruken. Oslo 2017. Utlagt på Lokalhistoriewiki som Brevsamling Kleiven-Prestgard.
  • Prestgard, Kristian: Fra Heidal til Decorah. Veien jeg gikk. Ved G. Harildstad. Lesja 1996.