Askov Højskole

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Åsmundstad (1850–1925) og Kristian Prestgard (1866–1946) ved Askov folkehøgskule i Sør-Jylland 1887.
Foto: Ukjend

Askov Højskole starta i 1865 i Askov på Jylland. Den var ei direkte vidareføring av den første folkehøgskulen i Danmark, som vart oppretta i Rødding av Christian Flor i 1844. Etter andre slesvigske krig i 1864 endte Rødding på tysk område, og lærarane med Ludvig Schrøder i spissen ynskte å fortsetje arbeidet nord for grensa. Fleire av dei som vart leiande i den norske folkehøgskulerørsla var elevar på Askov eller drog dit for å studere skulen.

I 1878 innførte skulen det dei kalla «den udvidede højskole». Dei første elevane var gjerne frå bondestanden, men seinare kom òg andre til. Mange av vinterkursa var meint for elevar som allereie hadde gått på folkehøgskule, og dei klarte å trekke til seg fleire høgt kvalifiserte lærarar. Biblioteket vart til Danmark si leiande samling av litteratur av og om N.F.S. Grundtvig, og skulen blir rekna som sjølve høgborga for grundtvigianismen.

Mot slutten av 1960-åra nådde ungdomsopprøret òg Askov. Ei gruppe lærarar forlet skulen i 1972 og starta den marxistisk orienterte Kolding H

Nordmenn med band til Askov

Mellom dei som nordmenn som var elevar eller som reiste dit for å studere skulen kan nemnast:

  • Ivar Blekastad (1850–1936), lærar og gardbrukar. Elev i 1870.
  • Sigurd Blekastad (1848–1897), forretningsmann og politikar. Elev i 1870-åra.
  • Johannes Bragstad (1858–1937), stortingsrepresentant. Var elev på Askov to gonger.
  • Eirik Olson Bruhjell (1853–1941), prest. Elev i 1886.
  • Christopher Bruun (1839–1920), prest og folkehøgskolestyrar. På Askov 1870 for å studere skulen.
  • Torgils Bu (1857–1939), lærar og bladmann. Elev i 1880-åra.
  • Hans Eidnes (1887–1962), lærar, rektor og historikar. Elev i 1915.
  • Johannes Eidnes (1888–1974), lærar. Elev i 1920-åra.
  • Vidkunn Eidnes (f. 1932), lærar og rektor. Elev i 1956.
  • Lars Eskeland (1867–1942), folkehøgskulestyrar og forfattar. Elev i 1889/1890.
  • Stefan Frich (1844–1927), redaktør og friskulestyrar. På Askov 1873 for å studere skulen.
  • Marius Gevik (1964–1958), redaktør. Elev i 1886/1887.
  • Janne Grieg (1866–1954), næringsdrivande. Elev i 1886/1887.
  • Magnus Hydle (1868–1944), politikar. Elev i 1880-åra.
  • Aslaug Høydal (1916–2007), lærar og forfattar. Elev i 1940- eller 1950-åra.
  • Kristofer Janson (1841–1917), teolog og forfattar. På Askov 1870 for å studere skulen.
  • Ólafia Jóhannsdóttir (1863–1924), sosialarbeidar. På Askov i 1892 for å studere skulen.
  • Inge Krokann (1893–1962), forfattar og historikar. Elev i 1917/1918.
  • Rasmus Løland (1861–1907), forfattar. På Askov kring 1900, anten som elev eller for å studere skulen.
  • John E. Maakestad (1864–1920), bladmann og forfattar. Elev i 1880-åra.
  • Marta Myklebø (1865–1949). Elev i 1887/1888.
  • Kristian Prestgard (1866–1946), redaktør. Elev frå 1886 til 1888.
  • Elisabeth Rolfsen (1867–1944), kontorarbeidar. Elev i 1887/1888.
  • Per Sivle (1857–1904), forfattar. Elev i 1885.
  • Anne Sjøvik (1865–1933), sydame. Elev i 1887/1888.
  • Johannes Skar (1837–1914), folkeminnesamlar og lærar. På Askov 1870 for å studere skulen.
  • Torfinn Skard (1891–1970), hagebrukslærer, bibliotekar. Elev i 1916/1917.
  • Halvor Sondbø (1854–1939), lærar og gardbrukar. Elev i 1887/1888.
  • Karine Tremyr (1854–1941), lærar. Elev i 1887, og så guvernante for borna til styraren i eit år.
  • Lasse Trædal (1857–1924), lærar og politikar. Elev i 1879/1880.
  • Aake O. Verdal (1877–1973), lærer. Elev i 1906.
  • Marie Wexelsen (1832-1911), salmedikter. Elev i 1878.
  • Olav Åsmundstad (1850–1925), lærar. På Askov 1870 for å studere skulen.

Litteratur