Kystgeit
Kystgeit, òg kalla utegangargeit og villgeit, er ein geiterase som tradisjonelt blir halden på øyane langs kysten. Alle dyra som finst att i dag er etterkommarar etter utegangargeiter frå Stadlandet i Selje i Nordfjord, Sandsøya i Sande på Sunnmøre og Skorpa i Herøy på Sunnmøre. Kystgeita har tradisjonelt vore halden for kjøtet si skuld og ikkje for mjølking. Tradisjonelt har mange av bukkekjea vorte kastrert.
Lenkjer
- Kystgeitlaget i Selje
- «Kystgeit» - på Skogoglandskap.no
- Kystgeit.com - kystgeita på Sørlandet
- «Kystgeit» - Kristiansand Dyrepark