Herøy kommune (Møre og Romsdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Herøy kommune (Møre og Romsdal)

Herøy kommune
Herøy rådhus i Fosnavåg Foto: Jan-Tore Egge
Basisdata
Kommunenummer 1515
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Fosnavåg
Areal 119.52  km²
Areal land 118.01  km²
Areal vann 1.51  km²
Folketall 8 965 (2018)
Målform nynorsk
Nettside Nettside
Herøy rådhus.jpg
Herøy rådhus i Fosnavåg
Foto: Jan-Tore Egge

Herøy kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Volda, Vanylven, Sande og Ulstein kommunar.

Herøy kommune er delt i to av Herøyfjorden. Kommunen har seks tettstader, Kvalsvik, Kvalsund, Remøy, Moltustranda, Tjørvåg og Fosnavåg. Administrasjonssenteret ligg i Fosnavåg. Det er tre kyrkjer i Herøy, Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje.

Fjordmannsleia er ei kulturminneløype som har blitt sett saman i Herøy i samband med Kulturminneåret 2009. Ho går frå Måløysundet i søraust, om nes og holmar, under bruer og heilt nordvest til Flåvær fyr.

Herøy kystlag og Herøy museumsbåtlag held til i kommunen.

Administrasjonshistorie

Kommunereforma 2014–2018

Torsdagen den 8. desember 2016 skreiv ordførarane i Sande og Herøy kommunar under intensjonsavtalen om å slå saman dei to kommunane. Namnet låg an til å verte det nyskapte Havøy kommune, og Fosnavåg var det planlagte kommunesenteret.[1] I folkeavstemninga 27. februar 2017 vart det nei til Havøy kommune i både Sande og Herøy. I Herøy deltok berre 21 prosent av dei røysteføre, og av desse var det 52 % som stemte nei.[2]

Fotnotar

  1. «Herøy og Sande blir «Havøy»» på Smp.no, publ. 08.12.2016
  2. Kommunal rapport: «Nei til Havøy kommune» (publisert 7. april 2017).

Eksterne lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!