Lånefjord krins

Lånefjord krins er ein skulekrins i tidlegare Balestrand kommune i Sogn. Tidlegare var denne krinsen ein del av Vik kommune.

Skulehuset i Lånefjord

Skulehus

Skulehuset i Lånefjord vart bygt i 1892. Huset stod ferdig i 1894 og ligg på Bolstad som i dag er ein del av Høyanger kommune. Skulen vart nedlagt i 1970-åra og har sidan vore brukt som grendahus.

Skuledagen

I minneoppgåver for eldre, samla inn i 1981 fortel Olav Bolstad, født i 1906 fortel: "Då eg byrja skulegonga, var me 18 stykkei samla skule, frå 7-åringar opp til 15-åringar.(...) Me gjekk i skulen i to veker kvar dag. Så var me fri i to veker medan det var skule på Nessane." Og vidare om rekneundervisninga: "Eg kan soleis hugsa at læraren verka noko forkava i reknetimane. Han kom stundom i ein viss fart ned til oss 7-åringane, tok opp pengepungen og la enkle øre i rad og rekkje på pulten for å læra oss å telje saman og drage frå. Noko slikt som kuleråme fanst ikkje"

Skulevegen

Det varierte kor folk kjem frå. Enkelte gjekk til skulen og bodde i nærheita, mens andre måtte ta båt. Om folk vart sjuke budde dei i Lånefjord før dei kunne dra heim att.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Havro, Olav og Systad Gunnild (red.), 1986 Sogn og Fjordane i nær fortid, Det Norske Samlaget.
  • Urtegaard, Gunnar, Bering, Bjørn og Kleppa, Hermund, 1989 Soga om grunnskolen 1739 - 1989, Balestrand kommune.
  • Skulestorbok for Lånefjorden skulekrins, 1917-1966. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
  • Dagbok for Lånefjorden skulekrins, 1916-1967. Digital versjon på Digitalarkivet.no.


Koordinater: 61.17494° N 6.20596° Ø