Skulehistorie i Balestrand

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulehistorie i Balestrand skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Balestrand kommune si skulehistorie.

Balestrand vart skild ut som eige prestegjeld frå Leikanger i 1850, og vart samstundes eigen kommune. I den store kommunereguleringa i 1964, vart bygdene frå og med Lånefjorden i vest, Nessane, Sæle, Kvamsøy, til og med garden Stokkebø ved Målsnes overført frå Vik til Balestrand, Vangsnes vart overført frå Balestrand til Vik og Eitorn vart overført frå Balestrand til Leikanger. Fjærland var ein del av Balestrand kommune fram til 2000, men er i skrivande stund ein del av Sogndal kommune. Skulehistoria til Fjærland, Eitorn og Vangsnes vert hovudsakleg sortert under den kommunen grendene høyrer til i dag.

Mange lærarar var utdanna ved Balestrand lærerskole.

Oversikt over skulekrinsar

Fram til 1860 delar skulestyrets møteprotokollar Balestrand inn i tre sokn: Tjugum, Fjærland og Vangsnes.

Tjugum var delt inn i fem roder. Her varierer nummereringa av rodane i skuleprotokollane noko, i tillegg til at namna endrar seg noko. Sjølve inndelinga i rodar verkar å ha vore meir eller mindre den same mellom 1844 og 1860:

  1. (Tjugum mellom rode 2 / rode 1 / Sjøtun:) Tuftedal, Thue, Brugjeld, Skaasheim, Fjærestad, Bale, Baleholm
  2. (Tjugum mellom rode 3 / rode 2:) Esse, Hjælseng, Grøneng, Gjerde
  3. (Tjugum indre rode 2 / rode 3 / Sværefjorden:) Farnæs, Dale, Sværen,
  4. (Tjugum indre rode 1 / rode 2 / Vetlefjorden:) Eiken, Fedthen, Langeteig, Meel
  5. (Tjugum mellom rode 1 / rode 3 / Eithuns rode:) Eithun, Eithungjerde.

Fjærland var på si side delt inn i fire rodar. Også her varierer nummereringa noko. I skuleprotokollane har desse rodane også gått under namnet Mundal:

  1. (Mundal rode 4 / Ytre Mundal / Ytre Fjærland:) Rødbotten, Jordal
  2. (Mundal rode 1 / Mundal Indre:) Distad, Hattestad, Mundal, Skreøn, Bjaastad
  3. (Mundal rode 2:) Bøium, Skeje
  4. (Mundal rode 3:) Vaadevig, Harpedal, Stølen

Til Vangsnes sokn høyrde gardane Hovland, Øksdal, Indre Vangsnes og Ytre Vangsnes. I skuleprotokollane varierer Vangsnes mellom å vere ein samla krins, og å vere inndelt i 2-4 rodar.[1]

I 1861 blir Fjærland delt inn i tre skulekrinsar; Indre Fjærland krins, Midtre Fjærland krins og Ytre Fjærland krins - mens Tjugum delast i fire og blir Vetlefjorden krins, Sværefjorden krins, Balestrands krins og Eithun krins. Vangsnes verkar ikkje å ha vorte delt.[2]

Skulekrinsar i Balestrand
1859 1861 1895 1900 1953 1956 1957 1962 1965 1971
Tjugum Esefjorden Esefjorden Esefjorden Esefjorden Esefjorden Esefjorden Sagatun Sagatun Sagatun
Balestrand Balestrand Balestrand Balestrand Balestrand Balestrand
Vetlefjorden Vetlefjorden Vetlefjorden Vetlefjorden Vetlefjorden Vetlefjorden Vetlefjorden Vetlefjorden Fjordtun
Sværefjorden Sværefjorden Sværefjorden Sværefjorden Sværefjorden Sværefjorden Sværefjorden Sværefjorden
Eithun Eithun Eithun Eithun Eithun
Fjærland Ytre Fjærland Ytre Fjærland Ytre Fjærland Ytre Fjærland Ytre Fjærland Mundal Mundal Fjærland Fjærland
Midtre Fjærland Midtre Fjærland

(Hamrum)

Midtre Fjærland

(Hamrum)

Mundal Mundal
Indre Fjærland Indre Fjærland Indre Fjærland Indre Fjærland Indre Fjærland Indre Fjærland Indre Fjærland
Vangsnes Vangsnes Vangsnes Vangsnes Vangsnes Vangsnes Vangsnes Vangsnes Vangsnes Vangsnes
Nesse
Kvamme
Linde
Lånefjord

Skulekrinsar

Krinsane som vart ein del av Balestrand i 1964. Kom frå Vik

Skuleveg

Skuledagen

I åra 1891-1900 vart undervist i 12 veker i kvar klasse. I todelte klasser var det 13 veker med undervisning. Faga det vart gitt undervisning i desse åra var kristendomskunnskap, norsk, regning, geografi, historie, naturkunnskap, skriving, sang, og tekning. Det vart ikkje gitt undervisning i handarbeid og gymnastikk i åra 1891-1900. Av lærebøker skal det mellom anna ha vore brukt Luthers katekismus, Pontoppidans Forklaring (Sverdrups utgave), Vogts lille Bibelhistorie, Rolfsens Læsebog, Siegw. Petersens Norges Historie for Begyndere, Nicolaysens Regnebøger, Reusch Geografi og Naturkundskap, og Deinbolls Tegnebøger. Av anna undervisningmateriale hadde skulane kuleramme, globus, kart og tavle. I femåret 1891-1895 vart det anskaffa sett apparater til undervisninga i fysikk til kvar lærar og i femåret etter vart det også kjøpt inn anatomiske bilde til alle skulane.[3]

I 1896-1900 vart det halden framhaldskule 12 veker kvart år.

Lærarar

I 1862 oppgir skulestyrets protokollar fem lærarar som fekk lønn det året: A. Flesche, L[asse]. Johnsen. I[ngebrigt] Mundal, L. Kalbakken og J[acob] Olderkalv.[2] Nokre år etter, i 1864, dukker lærarane A. Øvrebø og Hans Hellen også opp på skulestyrets lønningslistar. I 1871 lønnast også ein ikkje namngitt lærar på Vangsnæs, og frå 1871 gis det lønn til ein lærar Dahle. Fram til 1885 er det lærarane Øvrebø, Lasse Johnsen, Erik Mundal, Hans Hellen og Dahle som får lønn iflg. skulestyreprotokollen. Etter dette sluttar protokollen å notere lærarlønningane på same vis.[2]

I femårsmeldinga frå 1896-1900 kan vi lese at Heredet er splittet ved flere Fjorde, flere Kredse som Følge heraf smaa og Inddelingen i bekvemme Lærerposter vanskelig. En konsekvens var hyppige lærarskifte, noko skulestyret bemerka seg at ikkje hadde vore heldig for korkje undervisninga eller disiplinen.[3]

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Flesche Dukkar sist opp i skulestyrets liste over lærarlønningar i 1863.
Kalbakken Lars Dukkar sist opp i skulestyrets liste over lærarlønningar i 1862.
Olderkalv Jacob Dukkar sist opp i skulestyrets liste over lærarlønningar i 1870.
Johnsen Lasse 1834[4] 1864 Balestrand På skulestyrets liste over lærarlønningar på 1860-talet.
Mundal Ingebrigt På skulestyrets liste over lærarlønningar på 1860-talet.
Øvrebø* Anders Pedersen 1842 Esefjorden[5] 1864 1888 Stord Var kyrkjesongar. Hadde bustad og klokkargard
Hellen* Hans O. 1843 1864 1899 Balestrand lærarskule
Mundal* J 1858 1885 Hamar Jobba som lærar frå 1882. Hadde bustad og skulejord
Dahle O. 1847 1871 Hamar Kyrkjesongar i Vangsnæs.[4]
Mundal* Erik 1850 1876 Stord Var kyrkjesongar i Fjerland.[4]
Kvale* Andreas 1866 Vangsnes 1890 1900 Hamar Var kyrkjesongar. Seinare lærar i Lavik, Sogn.[6]
Eiken* Britu/Brita 1869 1893 før 1900 utan utdanning På oppsigelse (1891-1895). Var vikar i femåret 1896-1900.
Mo* Hans 1867 Ytre Fjærland 1889 1897 Hamar På oppsigelse. Hadde bustad og skulejord
Fjærestad Jens 1897 før 1900 Var ansatt i kort tid i femåret 1896-1900.
Hauge David 1898 før 1900 Var vikar i femåret 1896-1900.
Kvalheim Furér etter 1896 før 1900 Var vikar i femåret 1896-1900.
Grøneng Unni etter 1896 før 1900 Var vikar i femåret 1896-1900.
Rognebakke Johan Olson 1872 1898 1898 Var ansatt i kort tid i femåret 1896-1900. Seinare lærar i Jølster, Sogn.
Fretland Ivar 1899 1899 Var ansatt i kort tid femåret 1896-1900. Seinare skuleinspektør i Drammen.[7]
Oppedal* Torstein H. I. 1876 1900 Notodden På oppsigelse. Klokkar og organist.
Heltvedt* Olav 1873 1900 Elverum Kst.
Fimrete B. 1868 1900 Stord Jobba som lærar frå 1891. Var kyrkjesongar. Hadde bustad og skulejord
Bøyum Johannes 1877 Indre Fjærland 1901 Elverum lærarskule Stifta barnefråhaldslag. Formann i fråhalds- og ungdomslag.[7]
Bøyum Karl 1905 Vangsnes (vikar 1933-34), Balestrand framhalds- og mellomskule (hjelpelærar 1934-35), Sagatun (frå 1935). 1937 (i fast stilling) Levanger lærarskule Musikklærar ved kurs 1928-33.[7]
Østerbø H. 1868 1894 Hamar På oppsigelse
Aarskog Jens 1875 Hamrum 1897 Stord På oppsigelse. Lærar i framhaldskulen. Hadde bustad og skulejord.
Torsnes Knut 1874 Indre Fjærland 1900 1901 Stord lærarskule Vikar. Seinare lærar i Sunde krins, Øvre Eiker og i Bergen.
Østerbø Hans Lasseson 1873 1900 1919 Hamar læarskule Seinare lærar i Sogndal.[6]
Lidal Endre 1892 Ytre Fjærland 1915 1917 Volda lærarskule Senare lærar i Leikanger.[8]
Eiken Ingvald 1903 Vetlefjorden, Vangsnes Volda lærarskule Kurs i sløyd og teikning. Sønn av bonde Markus Eiken og Brita Feten.[7]
Klingeberg[8] Olav 1891 1916 1918 Volda lærarskule
Tue Per 1891 1916 1916 Stord lærarskule Vikar i Masfjorden 1913. Lærar i Sogndal 1913. Leikanger frå 1920 ved Nybø skule.
Hovland Tor 1895 1918 1920 Stord lærarskule,

Volda lærarskule

Lærar i Lærdal 1917-18 og i Drammen 1922-28.Skulestyrar Flatbygdi skule i Vik (Sogn) frå 1947.[7]
Dyrdal Anders 1892 1919 1920 Volda lærarskule
Hjelseng Olav 1896 Sværefjorden, Sagatun 1921 Stord lærarskule Tidl. lærar i Luster og Gaular. Form. i lærarlaget til 1940.[7]
Hegnes-Raudbotn[7] Laura 1900 Ytre Fjærland 1922 1948 Nesna lærarskule
Giil[7] Berent 1904 1926 1931 Volda lærarskule
Ese[6] Johan Nilssen 1904 Esefjorden, Sagatun 1928 Volda
Trå Knut 1906 Vangsnes 1933 Volda lærarskule Tidl. lærar ved Stokke skule, Hjørundfjord (1927-32).[6]
Vangsnes Jens 1885 Stord lærarskule Vikar i Balestrand 1906-07. Lærar i Sand, Ryfylke 1907-10 og i Luster 1913-20. Lærar i Balestrand frå 1940.
Sjøtun Astrid 1896 Sagatun, Vetlefjorden-Eitorn[8] Volda lærarskule
Kvam-Bøyum[8] Marit 1900 Eitorn, Indre Fjærland, Sværefjord før 1934 etter 1952 Oslo lærarskule

Namn i tabellen merka med stjerne (*) er å finne i femårsmeldingane for 1891-95 og 1896-1900. Dei andre er henta frå andre kjelde, mellom anna skuleprotokollar, skulestyrets møtebok og Norske skulefolk (1934 og 1952).

Skular og elevtal

I 2019 er skulane i Balestrand kommune: Sagatun skule, Fjordtun oppvekst og Synga vidaregåande skule. Sagatun skule har elevar frå 1. til 10.klasse, mens Fjordtun har elevar i 1. og 2. klasse.

Skuler med oppdeling av klasser og elevtal
Skule 1891 1892 1893 1894 1895 1896 1897 1898 1899 1900
Balestrand tredelt, 78 Tredelt, 86 Firdelt, 94 Firdelt, 95 Firdelt, 88 firdelt, 78 firdelt, 83 firdelt, 79 firdelt, 75 firdelt, 80
Esefjord todelt, 43 Todelt, 45 todelt, 42 Todelt, 44 todelt, 35 todelt, 33 todelt, 33 todelt, 32 todelt, 30 todelt, 29
Eitorn Samla, 20 Samla, 17 Samla, 17 Samla, 22 Samla, 21 Samla, 21 Samla, 21 Samla, 21 Samla, 22 Samla, 25
Vetlefjorden Todelt, 38 Todelt, 35 Todelt, 34 Todelt, 32 Todelt, 35 todelt, 38 Todelt, 40 todelt, 40 todelt, 40 todelt, 44
Sværefjorden todelt, 35 Todelt, 33 Todelt, 34 todelt, 35 Todelt, 35 todelt, 41 todelt, 42 todelt, 38 todelt, 44 todelt, 39
Vangsnes Todelt, 39 Todelt, 42 Todelt, 40 Todelt, 32 Todelt, 35 todelt, 30 todelt, 37 todelt, 39 todelt, 41 todelt, 44
Ytre Fjærland Samla, 18 Samla, 19 Samla, 23 Samla, 24 Samla, 24 Todelt, 27 Todelt, 24 Todelt, 29 Todelt, 32 todelt, 31
Hamrum Todelt, 39 Todelt, 46 Todelt, 46 Todelt, 49 Todelt, 48 todelt, 48 todelt, 49 todelt, 47 todelt, 43 todelt, 45
Indre Fjærland Tredelt, 68 Tredelt, 58 Tredelt, 58 Tredelt, 56 Tredelt, 64 tredelt, 57 tredelt, 57 tredelt, 43 tredelt, 46 tredelt, 45
Til saman i kommunen 378 381 388 389 385 383 386 378 373 382

I tillegg var det 7 (1891), 7 (1892), 9 (1893), 9 (1894), 9 (1895) som vart undervist utanfor skulen.

Arkiv

Fotnotar

  1. Skuleprotokoll for Balestrand prestegjeld 1844-1862.
  2. 2,0 2,1 2,2 Balestrand kommune - møtebok for skulestyret 1849 - 1900
  3. 3,0 3,1 Beretning om Folkeskolen i Balestrands Skolekommune Femaaret 1891-1895. Annonce-Tidendes Bogtrykkeri 1897
  4. 4,0 4,1 4,2 Pederssen, K.: Lærerkalender for den norske folkeskole. Utg. Dybwad. no#. 1884. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Dagbok for Esefjorden krins 1882-1905
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1934. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 7,7 Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Norske skulefolk. Utg. Dreyer. xx#. 1952. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Skulenmin logo.jpeg Skulehistorie i Balestrand er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.