Labråten (Asker)
Labråten i Asker var Hulda og Arne Garborg sin heim frå 1897 til 1934. Huset står mest som det gjorde medan dei budde der. Adressa er no Arne Garborgs vei 31.
Huset var ein viktig samlingsplass for målfolket, og vart derfor ofte kalla «Målkroken». Mellom anna var det her tankar om å opprette Det Norske Teatret vaks fram.
Det var opphavleg ein del av bruket Labråten, som vart utskilt frå Bruset i 1796. Tidlegare låg husmannsplassen Levebrød på same staden.
I 1995 kjøpte Asker kommune huset, og det er no ein del av Asker museum. Huset er ope for omvising.
Galleri
Kjelder
- Velkommen til Labråten på Asker museum si nettside.
- Budstikkas store Asker og Bærum-leksikon.