Langesævegen
Langesævegen er ein 5,5 kilometer lang skogsbilveg i Tokke kommune som går nordover frå Eidsborgvegen til den tidlegare støylen Langesæ nedre ved vatnet Langesæ. Her dreier vegen austover og endar på Grodalsnuten på 1018 moh. Vegen er stengt med bom.
Vegen har namn etter vatnet Langesæ. Det var opphaveleg to Langesæ-støylar her, ein nedre og ein øvre.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bakken, Olav: Lårdalsoga. Sogenemnda for Lårdal 1978.