Leif Torp

Leif Torp (født 1. juni 1897 i Oslo, død 15. april 1991 i Oslo) var ein arkitekt som virka i Oslo i perioden 1930-1975. Han var sønn av reguleringssjef i Kristiania, Hjalmar Torp (1856-1922), og var bror av Ernst Torp, og dei hadde praksis saman frå 1930. Ein eldre bror, Alf Torp (1894-1969), var i ei rekke år vegsjef i Sogn og Fjordane og i Vestfold.

Han var utdanna ved Kunstakademiet i København i 1924, og oppretta eigen praksis i Oslo frå 1925.

I Elverum tegna firma Torp&Torp i 1956–58 «Elvarheim», rådhus med bibliotek, kino, kunstgalleri og restaurant.

Blant firmaets andre arbeid kan særleg nemnast Torstedgården, Stortingsgata 30, 1928–30, Høyres Hus på Kalbakken, Dronningens gate 10 og 11 og Hieronymus Heyerdahls gate 1, alle i Oslo. I Moss tegna dei Parkteateret i 1939. Dei delte i 1952 1.prisen i 1.etappe i tevling om nytt rådhus i Bergen med Erling Viksjø som seinare tegna rådhuset.

Kilder og lenker



  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.