Leiv Sandsdalen
Leiv Sandsdalen (fødd 1825, død 1896) var spelemann frå Seljord. Han var son til spelemannen Øystein Olavsson Langedrag (f. 1786, d. 1848).
Leiv Sandsdalen var kjend for sitt særmerkte og tradisjonsrike telemarkspel. Han hadde den eldste og beste forma av "Kivlemøyane" (tre slåttar), som han lærde av faren.
Hans Ross skreiv opp folkeminne etter Sandsdalen; han var ein framifrå forteljar.
Kjelder og litteratur
- Bjørndal, Arne: artikkel i Norsk allkunnebok band IV. Oslo 1960.
|