Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2010-48
Denne sida - Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk - og - Firehjulstraktoren, basismaskina i landbruks-, anleggs- og skogsdrift - er meint som to dugnadsprosjekt i tråd med tanken bak nettstaden lokalhistoriewiki.no.
Særleg i tiåra etter krigen - da motoriseringa av landbruket starta for fullt - har det eksistert eit stort antal slike maskiner, og mange av dei gjekk igjennom ei utvikling med mange forbetringar. Det kan dermed finnast mange typar slike maskiner. I dag er det ikkje så mange av dei som er i aktivt bruk, men dei kan stå att i låvar og skur og vere ukjente for yngre generasjonar. Ta bilde av maskiner som du ser manglar og last opp i wikien, før den i tabell og lenk til galleri under rett merke.
I dette stykket er det starta opp ein faktaboks for nokre merke/produsentar av slike maskiner med biletgalleri under kvar boks. Ferdig boks for nye merke/maskiner til kopiering ligg i botnen på stykket. Oppfordring: Gå ut å sjå på di maskin, les merkeplater, på maskina og motoren. Ta bilete. Last så inn på rett maskin og skriv deg inn på informantliste. Kan nokon av tidlegare importørar og forhandlarar hjelpe til vil her bli veldig mykje nyttig informasjon til entusiastane som held mange av desse maskinene i gang. Les meir...