Lynghaug (Fedje gnr 169 bnr 54)

Lynghaug er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Lynghaug
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 54
Adresse: Vidnappsvegen 22
Olav Uthaug (bnr 54) på linefiske.

1. Olav Uthaug f. 1906 Smiholmen (gnr 168 bnr 55-1a) d. 1969 g. 1940 m. Gjertrud Malena Hitland f. 1910 Åsane i Bergen d. 1991 (jf Åsaneb. III s 546). Olav reiste til USA i 1925 og var der i vel 10 år. Skøyte 1949 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 1 same året. Huset vart bygd i 1950, dei budde tidlegare på Smiholmen. Olav var fiskar og kvalskyttar. Gjertrud arb. Bjelland frå 1953.

Barn: a. Wenche Uthaug f. 1943, neste eigar (2).

2. Wenche Uthaug f. 1943 på dette bruket (1a), fiskeindustriarb., tok over huset etter foreldra og fekk skøyte i 2004.

Barn med Olaf Moldøy f. 1946 (gnr 170 bnr 20-3): a. Cecilie Uthaug f. 1975, logistikkmedarbeidar, samb.m. Roy Arne Fredheim f. 1974 Sævrøyna i Austrheim (jf Austrheimb. III s 702), kokk/forpleiningssjef, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Lynghaug (Fedje gnr 169 bnr 54) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Lyngbø (Fedje gnr 169 bnr 52) • Neste bolk: Nyborg (Fedje gnr 169 bnr 56)