Måren krins
Måren krins er ein skulekrins i Høyanger kommune i Sogn. I 1969 var det 40 personar som budda fast i grenda Måren, og det var fem elevar på skulen. Skuleåret 1976/77 var det berre ein elev i Måren, og det vart det siste året med skuledrift i bygda. I dag er det ingen fastbuande att.
Skulehus
Måren fekk fastskule i 1900. Måren skule ligg midt i bygda. Det er ikkje bilveg heilt fram til eigedomen. Ein må gå på sti omlag 200 meter frå bilveg/parkering til skulestova. Skulestova har gang, eit kammers/soverom og klasserom. I tillegg er det ein liten hems med tilgang via trappestige frå gangen. Uthuset har to utedoar, samt ved/utstyrsrom. Skuleplassen er inngjerda.
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Aud Inger Grønlien var i 1969 18 år og lærar på Måren skule eit år etter gymnaset. Ho hadde fem elevar, ein på kvart klassesteg. Aud budde i eit lite rom i skulehuset, men vart ofte invitert både på middag og kaffi og kvelds og overnatting hjå familiane til elevane.
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|