Skulehistorie i Høyanger
Skulehistorie i Høyanger skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Høyanger kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.
Høyanger kommune vart oppretta 1. januar 1964 ved at kommunane Lavik og Kyrkjebø vart slegne saman. I tillegg vart garden Nybø og bruket Nygjerdet overførde til Høyanger frå Vik kommune.
Lavik (Ladevig) formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837. Kyrkjebø vart skild ut frå Lavik som eigen kommune i 1858, og var åleine fram til Høyanger kommune vart skipa i 1964. Lavik og Brekke var ein kommune frå 1861 til 1905, men Bø sokn vart overførd til nye Hyllestad kommune i 1862. I 1875 vart ein del av Kyrkjebø (som då heitte Klævold), nabokommunen i aust, overførd til Lavik og Brekke kommune. Frå 1. januar 1905 vart Lavik og Brekke kommune deld i to att, og Lavik og Brekke var igjen to sjølvstendige kommunar. Frå 1964 har Lavik vore del av Høyanger kommune, og Brekke av Gulen kommune. Vi tek her for oss dei skulekrinsane som har vore i Kyrkjebø og Lavik, men ikkje Brekke. Dei finn ein på sida om skulehistoria i Gulen.
I 1741 vart Kyrkjebø sokn delt i seks skuleområde, der dei tre første var på sørsida av Sognefjorden og dei tre siste på nordsida av fjorden:
1) Fitje, Brekke, Tune, Sande og Mjølsvik (Ortnevik)
2) Dyrdal, Slantevik, Tangen, Heggenes, Skoltestrand, Fuglsbø, Vamråk, Søreide, Østerbø og Sørbø (Strendene og Søreide)
3) Bjordal, Hest, Førde, Føsund, Osland, Leirnes, Aardal og Aakre (Bjordal og Åkre)
4) Nordre Vikum, Teigen, Vattekar, Avsnes, Røyrvik, Ullebø, Dyrnesli, Ytre Dale, Vadheim, Skår, Løbø, Mannebrekke, Markeset, Hovland, Fossen og Hovden (Norevik, Vadheim)
5) Klevald, Frivik, Kyrkjebø, Ramsli, Håland, Austreimsli, Austreim, Eide, Ytre Berge, Øvre Bergen, Indre Berge (Kyrkjebø, Berge)
6) Øren, Jetland, Håland, Dale, Sæbø, Måren, Midslot (Måredal) og Flæte (Høyanger, Måren).
Skulekrinsar
Gamle Lavik kommune
Hjelmeland krins
Avedal krins
Lavik krins
Rå krins
Torvund krins
Norevik krins
Tredalen krins
Ikjefjord krins
Massneset krins
Gamle Kyrkjebø kommune
Vadheim krins
Bjordal krins
Søreide krins
Kyrkjebø krins
Høyanger krins
Måren krins
Berge krins
Åkre krins
Ortnevik krins
Strendene krins
Norevik krins
Oversikt over skulekrinsar
1741 | 1900 | 1975 | 2018 |
---|
Skuleveg
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|
Skular og elevtal
Arkiv
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Engesæter, Aage (1979) Høyanger, s. 43-44 – Sogn og Fjordane distriktshøgskule ; Høyanger : Høyanger kommune, Pedagogisk tenestekontor.
- Førsund, Sigurd og Leirnes Leiv (1978) Skulesoga for Kyrkjebø frå 1740. Sertrykk frå Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik.
- Lokal kulturminneplan for Høyanger kommune 2016-2019.
Digitale kjelder
- Skular i Høyanger, Starheim, Ottar, NRK Sogn og Fjordane/Allkunne
- Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen på nettstaden til Statistisk sentralbyrå
- «Kommunehistoria i Høyanger» på Allkunne/NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
Ikkje-prenta kjelder
Skulehistorie i Høyanger er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid! Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no. |