Margit Løyland
Margit Løyland (fødd 1960) er historikar og førstearkivar på Riksarkivet. Som historiker har ho særleg arbeida med tidleg nytid og lokalhistoriske emne.
Ho vaks opp i Grendi i Bygland, og er dotter av Olav J. Løyland (1919–2010) og Elisabeth Løyland f. Salvesen, og barnebarn av lærar, forfattar og fotograf Jon Løyland (1887–1975).
Løyland tok examen artium ved Hornnes gymnas, og byrja så studere. I 1992 tok ho hovudfag i historie ved Universitetet i Oslo med oppgåva Slagsmål, leiermål og bøtelagde egder 1600-1700. Ho har òg studert med Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand.
Ho er gift med Knut Sprauten (f. 1948), tidlegare direktør ved Norsk lokalhistorisk institutt. Dei er busett på Grav i Bærum kommune.
Bibliografi i utvalg
- Slagsmål, leiermål og bøtelagte egder 1600–1700. Utg. Tingbokprosjektet. Oslo. 1992.
- Fjordfolk : Fedas historie fra de eldste tider og fram til 1963. Utg. Kvinesdal kommune. Kvinesdal. 1999. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Framtid for den lokale fortida? : norsk lokalhistorie ved millenniumskiftet : status og framtidsperspektiv (red. Margit Løyland). Utg. NLI/LLH. Oslo. 2001. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Hollendartida i Norge : 1550–1770. Utg. Spartacus. Oslo. 2012. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Lofthusoppreisten : rettsmateriale frå kommisjon og høgsterett 1789–99. Utg. Riksarkivet. Oslo. 2018.