Bygland kommune
Bygland | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 4220 |
Fylke | Agder |
Kommunesenter | Bygland |
Areal | 1311.66 km² |
Areal land | 1155.33 km² |
Areal vatn | 156.33 km² |
Folketal | 1 207 (2018) |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Bygland er ein kommune i Setesdalen i Agder (før 1. januar 2020 i Aust-Agder). Kommunen grensar mot kommunane Birkenes og Evje og Hornnes i sør, mot Åseral, Kvinesdal og Sirdal i vest, mot Valle i nord og mot Fyresdal og Åmli i aust.
Bygland er ein høgtliggjande innlandskommune — det meste av området ligg over 700 meter over havet. Kommunen ligg på begge sidene av elva Otra og Byglandsfjorden. Det meste av busetjinga i kommunen finst langs dalbotnen. Kommunesenteret heiter òg Bygland. I nord er bygda Ose viktig, og i sør er hovudsenteret Byglandsfjord. I tillegg kjem blant anna dei mindre stadene Grendi, Jordalsbø og Åraksbø. Byglandsfjord er endestasjon for Setesdalsbanen. Den freda stasjonsbygningen husar ein filial av folkebiblioteket, og staden er utnemnd til tusenårsstad for kommunen.
Bygland er ein landbrukskommune, med 69 fulle gardar frå Langeid i nord til Vassenden i sør. Namnet har sitt opphav i kornslaget bygg.[1]
Bygland var saman med Hosanger i Hordaland den første kommunen til å ta i bruk Ivar Aasens landsmål som opplæringsspråk i skulen — to år føre denne retten vart lovfesta.
Arkeologi
Det er gjort funn så langt tilbake som til steinalderen i Bygland, og ein reknar med fastare jordbruksbusetjing frå noko føre vår tidsrekning. Den neste perioden med nemneverdige arkeologiske funn er jarnalderen: Ein har funne gravhaugar i mange delar av Bygland. Dei eldste er frå kring 400–500 etter Kristus, og dei fleste er såkalla branngraver. Ein gullskatt vart funnen på Nese i 1833.[2] Dessutan er det funne nokre runesteinar i Bygland.
Folkekultur
Setesdalen er generelt kjent for ein rik og særeigen folkekultur, og dette gjeld Bygland òg. Herifrå har det komme mange kjente spelemenn, kvedarar og andre. Ein av dei mest kjende var felespelaren Tarkjell Aslakson Austad, fødd 1802. Det står minnestein over honom på Austad gamle kyrkjegard som ligg på austsida av Otra. Folkeminnesamlaren Johannes Skar kom til Bygland på oppfordring frå Magnus Brostrup Landstad og vart så fascinert at han slo seg ned her og skreiv åttebandsverket Gamalt or Sætesdal. Han vart blant anna huslærar hos legen Kinck i Bygland for sonen hans, Hans E. Kinck.
Landeskogen og Langerak kraftverk
Landeskogen tuberkulosesanatorium vart planlagt oppført i 1911 som ei statlag satsing mot tuberkulosen. Arbeidet vart noko forseinka av krigen, men staden vart oppført 1913–1916 nærme bygda Grendi. Dei første pasientane kom den 1. mai 1916. I 1962 vart Landeskogen heim for utviklingshemma, og i nyare tid har pinsemeinigheita Filadelfia opna eit rehabiliteringssenter for rusmisbrukarar her. Det første elektrisitetsverket i Setesdal, Langerak kraftverk, vart bygd i tilknyting til sanatoriet og opna i 1916.
Kjende personar med tilknyting til Bygland
- Karl Eugen Birkelund, prest i Bygland 1917-1928.
- Hans E. Kinck, forfattar
- Eivind Torkjelson Lande, Eidsvoldsmann
- August Schneider, kunstmålar, illustratør og folkeminnesamlar
- Grete Faremo, politikar/direktør
- Kjell Kristian Rike, sportskommentator
- Knut Austad, folkemusikar
- Eivind Danielson Aakhus, folkemusikar
- Tarkjell Aslakson Austad, folkemusikar
- Alexander Seippel, språkprofessor og bibelomsetjar, vaks opp på Frøysnes i Bygland kommune
- Gunnar Stubseid, folkemusikar
- Johannes Skar, lærar og folkeminnesamlar
- Olav Bø, professor og folklorist
- Johan Peter Lunde, sogneprest i Bygland 1900-1906, seinare biskop i Oslo.
Sjå òg
- Liste over garder i Bygland.
Referansar
- ↑ Aschehougs og Gyldendals store norske leksikon. Kunnskapsforlaget. Oslo 1989.
- ↑ http://arkeologi.blogspot.com/2005/01/gravryser-ved-byglandsfjord.html
Kjelder
- Vollen, Reidar 2002-2007: Bygland gard og ætt, Bygland kommune
- Bygland soge, 1938
- Norsk allkunnebok, 1949
Koordinater: 58.831521° N 7.797522° Ø