Marit Vorkinn (1932-2019)
Marit Vorkinn (født 19. juli 1932 på Rognstad (tidlegar Lustugu) i Skogbygda i Heidalen, død 21. juni 2019 på Lesja). Foreldra var Paul P. Rognstad (1907–1995) og Inger H. f. Rindhølen (1907–1992). Ho utdanna seg innanfor handel- og kontor.
Marit Vorkinn var i styret for Lesja bygdatun i alle fall frå 1984, og leiar frå 1989 til ____. Ho fekk i gang tiltaket «Liv i husa» med ulike husflids- og handverksaktivitetar inne og ute gjennom heile sommarsesongen, og i fleire å var ho òg dagleg leiar.
I 1993 fekk ho tildelt kulturprisen for Lesja for arbeidet med bygdemuseet. I den samanhengen las Ane Avdem prolog med mange gode ord til prisvinnaren, trykt i Årsskrift for Lesja historielag 1994 side 26-28.
Litteratur
- Årsmeldingar i Årsskrift for Lesja historielag 1984–
- Engen, Arnfinn 2011: Gards- og slektshistorie for Heidal. 1 Frå Meringsdalen til Prestgard gnr. 172-182 s. 144.
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn. Utg. Lesja kommune 1992. Digital versjon på Nettbiblioteket side s. 231
|