Marta Hoffmann

Marta Hoffman (fødd 10. juli 1913 på Jæren, daud 15. februar 2001) var kunsthistorikar og konservator. Gjennom sitt arbeid på Norsk Folkemuseum var ho personen som konkretiserte ideen om ei vidareføring av Ord og Sed, og ho vert ofte omtala som ho som la "grunnsteinen" for Norsk etnologisk gransking (NEG).

Konservator Marta Hoffmann ved sitt skrivebord på Norsk Folkemuseum sommeren 1961.
Foto: Unni Fürst/Norsk Folkemuseum.

Liv og virke

Hoffmann tok magistergrad i kunsthistorie hausten 1939, med jærhuset som emne.

Ho arbeidde for Hilmar StigumNorsk Folkemuseum fra januar 1940; fyrst som voluntør, men ho gjekk over i lønna arbeide frå 1941 og fekk tittelen amanuensis. Frå 1943 vart Hoffmann formelt tilsett som konservator, med reiskapar, handverk og landbruk som arbeidsområde. i 1945 og 1946 gjorde Marta reiser til København og Stockholm for å undersøkje korleis dei utførte arbeid med spørjelister. Funna og ideene derfrå tok ho med seg tilbake til Norsk Folkemuseum og Hans Jacob Aall, og trykte seinare i 1946 ein presentasjon av ideen om NEG. Allereie i august 1946 vart NEG skipa formelt basert på dette, med Hoffmann som sækretær for tilskipingskomitéen.

Folkeminnesamlar

Som ein del av feltarbeidet til magistergraden, sykla Hoffmann rundt på Jæren i tre sumarar og samla inn eit omfangsrikt materiale om jærhusa.

Som folkeminnesamlar hjå NEG, signerte Hoffmann 9 unike spørjeskjema og særenmne om ulike tema som omhandlar vanlege folk sine daglegliv. Ved hjelp av desse samla ho inn 1345 registrerte unike svar som vert tilgjengeleggjort via domenet SAMLA.no.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!