Mathilde Berendsen Nathan
Mathilde Berendsen Nathan (f. 10. juni 1857 i København, d. 22. februar 1926 i Italia) var ein pianist og klaverkomponist av dansk-jødisk bakgrunn. Ho var gift med grosserar John Nathan og dei budde i Kristiania frå 1884 og fram til noko etter 1916. Mathilde Berendsen Nathan var blant dei meir populære norske komponistane i tida kring 1900. Ho skreiv i seinromantisk stil med eit pianoteknisk til tider virtuost preg, men samtidig med vekt på det sangbare og med ein del pedagogisk orienterte stykke.
Oppvekst og familie
Mathilde Berendsen vart fødd den 20. juni 1857 i København i Danmark som det sjette av i alt ti born av Esther, f. Ballin (1823–1905) og målarmeister Joachim Berendsen. Mora, Esther f. Ballin, vart i sin tur fødd i Vejle i 1823 åt Hanne, f. Peiser (1800–1862) og Joseph Joel (Yuzpa Yoel) Ballin (1789–1839). Mathildes morbror var den kjente dansk-jødiske grafikaren Joel Ballin (1822–1885).
I 1884 gifta ho seg med John Nathan (f. 4. juni 1859, d. 20. november 1932), son av Nathan Nachmann Nathan som var forstandar i Det mosaiske Troessamfund i Christiania. John Nathan var klesgrosserar av yrke. Etter at far hans døydde på jom kippur i 1897, var han forstandar for Det mosaiske Trossamfund frå 25. mars 1898 og fram til 1903.
Mathilde og John fikk tre born:
- Mary Nathan (f. 13. juni 1885 i Kristiania, d. 2. mai 1970 i Oslo)
- Einar Nathan (f. 23. desember 1886 i Kristiania, deportert med M/S «Monte Rosa» den 19. november 1942, d. kring årsskiftet 1942/1943 i Auschwitz)
- Sigurd Nathan (f. 24. oktober 1891 i Kristiania, d. 22. juni 1961 i New York)
I 1913 averterte John forretningane sine til sals på grunn av sviktande helse, og salet kom i stand i 1914. Ikkje lenge etter selte han eigedommen i Store Strandgade til kommunen i samband med reguleringa av Jernbanetorvet. Dei neste åra var Mathilde og John Nathan mykje i Danmark og elles ein del på reisefot. Etterkvart busette dei seg i Italia. Mathilde hadde sviktande syn, men gav fremdeles ut ny musikk; op. 28 og 29 i Milano i 1925. Mathilde Berendsen Nathan døydde ved kurstaden i Merano i Nord-Italia den 22. februar 1926. John Nathan døydde den 20. november 1932 i Karlsbad.
Musikken
Mathilde Berendsen Nathan studerte piano hos nordmannen Edmund Neupert (f. 1842 i Christiania) ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København og fikk etterkvart reisestipend for vidare studiar i Paris, der ho var elev av Madame Rabaud. Ho heldt konsertar både i København og Paris, og etterkvart òg i Brødrene Hals sin konsertsal i Kristiania. Ho trappa ned konsertverksamheita — det seiest at det var etter påtrykk frå mannen — og konsentrerte seg meir om komposisjon for klaver.
Konsertliste
Dato | Lokale | Stad | Musikarar | Repertoar | Kommentar |
---|---|---|---|---|---|
8. september 1883 | Brødrene Hals' Koncertsal | Christiania | Thekla Nathan, Mathilde Berendsen | ||
Verkliste
Dette verkoversynet er basert på norske avisannonsar i kombinasjon med Magne Selands oversyn frå 1980[1] og Nasjonalbibliotekets katalog. Opusnummereringa går opp til 29, men nummer 6, 7, 9, 23 og 24 er såvidt kjent ubruka.
Opus | Namn | Publ.stad | Utgjevar | Datering | Sidetal | Kommentar |
---|---|---|---|---|---|---|
1 | Tre Etuder for Piano («Etude melodique», «Studie», «Oktav-Etude») | Christiania | Warmuth | 1890 | 7 | tilegnet Forlæggeren |
2 | Polka Mignonne for Piano | Christiania | Warmuth | 1890 | 3 | |
3 | Romance | København | Wilhelm Hansen | 189? | 5 | |
4 | Scherzo | Kristiania | Brødrene Hals | 1893 | 7 | |
5 | Ungarisch : Skizze | Kristiania | Warmuth | 1893 | 3 | Seinare utgjeve på Norsk Musikforlag. |
(6) | ||||||
(7) | ||||||
8 | 2 Klaverstykker («Barcarole», «Stemning») | Kristiania | Oluf By | 1906 | 9 | |
(9) | ||||||
10 | Capriccio | Kristiania | Oluf By | 1908 | ||
11 | 3 Klaverstykker (Ved Afskeden, Sang uden Ord, Idyl) | Kristiania | Oluf By | 1908 | 9 | |
12 | Vuggevise | Kristiania | Oluf By | 1909 | 3 | |
13 | Gavotte | Kristiania | Oluf By | 1909 | 5 | |
14 | Serenade | Kristiania | Oluf By | 1911 | 5 | |
15 | 6 melodiske Klaverstykker («Sehnsucht», «Impromptu», «Kinderspiele», «Nocturne», «Walzer», «Schmetterlinge») | Kristiania | Oluf By | 1912 | 8+8 | |
16 | 3 Præludier («Nr. 1 A[s]?-Dur», «Nr. 2 Fis-Mol», «Nr. 3 E-Dur (Religioso)») | Kristiania | Oluf By | 1914 | nr. 1 (1914): 7; nr. 3 (1917): 3 | Kjeldene er ueinige om 1. preludiet er i A-dur eller Ass-dur. |
17 | Vaarvise | Kristiania | Oluf By | 1915 | 3 | |
18 | Allegretto gracioso | Kristiania | Oluf By | 1915 | ||
19 | I tanker | Kristiania | Oluf By | 1915 | 3 | |
20 | Romance i B-Dur | Kristiania | Oluf By | 1920 | 3 | |
21 | Resignation | Kristiania | Oluf By | 1920 | 3 | |
22 | Livsglæde | Kristiania | Oluf By | 192? | 5 | |
(23) | ||||||
(24) | ||||||
25 | Rondo | Milano | Carisch | 1923 | ||
26 | Valse Caprice | Milano | Carisch | 1923 | ||
27 | I gammel Stil | København | Wilhelm Hansen | 1925 | 3 | |
28 | Vemod | København | Wilhelm Hansen | 1925 | 3 | |
29 | Scherzino | København | Wilhelm Hansen | 1925 | ||
– |
Politikken
Fotnotar
- ↑ Seland, Magne: Kvinnelige komponister. Oslo : Statens bibliotekskole, 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket
Kjelder
- «Mathilde Berendsen Nathan» på bokmålsutgåva av Wikipedia
- Singer, Isidore; Nathensen, L.: «Ballin, Joel» på Jewishencyclopedia.com
- «Mathilde Berendsen-Nathan» i Lindhjem, Anna: Kvinnelige komponister og musikk-skole-utgivere i Skandinavien. Fredrikstad Centraltrykkeri, 1931.
- «Esther Berendsen» - namnesøk på MyHeritage.com