Midtbygda Handelslag
Midtbygda Handelslag blei starta 19. juli 1917. Laget var eit lutlag og låg i Bø i Telemark.
Kring 1950 var det T. Torstveit som var leiar for handelslaget, medan O. Ajer var bestyrar i forretninga. Forretninga var ein assortert landhandel som blei driven frå eigen eigendom og som i tillegg til vanlege varer dreiv sal av oljer og bensin. Kring 1950 sysselsatte forretninga fire personar.[1]
Arkiv
Arkivet etter Midtbygda Handelslag er ordna ved Bø Museum. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.
Referansar
- ↑ Sætherskar, 1949, s. 730.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve frå bokhylla.no.