Moster kommune

Moster kommune i Hordaland vart oppretta i 1916 då Finnås kommune vart delt i tre. Kommunen, som hadde eit areal på 66 km², dekka same område som Moster sokn.

I 1963 vart kommunen slått saman med Bømlo kommune og Bremnes kommune til storkommunen Bømlo.

Litteratur