Bømlo kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Bømlo kommune

Bømlo kommune
1219 Bomlo komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4613
Fylke Vestland
Kommunesenter Svortland
Areal 246.57  km²
Areal land 235.45  km²
Areal vann 11.12  km²
Folketall 11 902 (2018)
Grunnlagt 1838
Sammenslåing(er) 1963: Bremnes og Moster innlemma.
1995: Flere øyer overførd frå Fitjar
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Bømlo kommune er ein øykommune i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland). Dei største øyane er Bømlo, Goddo og Moster. Kommunen omfattar óg omkring tusen andre øyer, holmar og skjer. De tidlegare kommunane Bremnes og Moster vart innlemma i 1963, og i 1995 vart øyane Aga, Agasøster, Vikøy, Selsøy og Gisøy overførd frå Fitjar. Administrasjonssenteret er Svortland.

Flest arbeidsplassar finn ein i industrien, særlig i maskinproduksjon og næringsmiddelindustri. Men jordbruk og fiske er óg viktig; Bømlo er nest størst i tidlegare Hordaland fylke på fiske etter Bergen.

Historie

Namnet kjem av norrønt Bymbil, i slektskap med nynorsk bembel, "navle" eller "mage", her i tydinga "tjukk, oppsvulma", dvs. ruvande.

Historia på desse kantar er rik og går langt tilbake i tid. Steinkyrkja ved Mosterhamn vart truleg bygd kring 1150 på tuftene av ei endå eldre kyrkje, som etter tradisjonen skal ha vore bygd av Olav Tryggvason på slutten av 990-åra. Det var her Olav Haraldsson etablerte det norske kyrkjesamfunnet med den kristenretten han sette på rikstinget i 1024. Hendinga vert i dag markert med Mostraspelet, som kvart år vert vist på Moster Amfi. I 1995 var det ei stor markering på Moster for innføringa av kristendommen i Noreg. Her finn ein minnesteinar over Olav Tryggvason, Olav den heilage og biskop Grimkjell.

Søraust på Moster har det vore både marmor- og kalksteinsbrot. På Hespriholmen nordvest for Espevær var det ein regulær steinindustri i steinalderen, der grønstein i store mengder vart utvunne til våpen og reidskap. På Lykling på vestsida av øya Bømlo var det drift etter gull av tre gruveselskap i perioden 1884-1910. På det meste var nærare 500 mann i arbeid her, og resultatet vart over 200 kg reint gull.

Kommunen vart fyrst oppretta i 1916, då den dåverande Finnås kommune vart delt i tre: Moster, Bømlo og Bremnes. I 1963 vart desse tre kommunane igjen slått saman, no under namnet Bømlo. Sine noverande grenser fekk kommunen i 1995, då den vart utvida ved at øyane Aga og Agasøster i nordaust og Vikøy, Selsøy og Gisøy i nord vart overført frå Fitjar kommune. Kommunevåpenet viser eit sjøblad i sølv på raud botn, som skal symbolisera vassliljen som er svært vanleg i tjern og vatn kringom i kommunen, men dei tre blada symboliserer også dei tre tidlegare kommunane som utgjer dagens kommune.

Bømlo kystlag held til i kommunen. Langevåg fyrstasjon var aktivt frå 1855 til 1896.

Torsby i Sverige er ein av dei nordiske venskapskommunane til Bømlo.

Litteratur og kjelder

  • Holm-Olsen, Inger Marie: Bømlo i førhistorisk tid. Utg. Historisk museum, Universitetet i Bergen med stønad frå Bømlo kommune. 1972.
  • Hovland, Kari Shetelig m.fl.: Bømlo bygdebok. Utg. Bømlo kommune. 1972-1989.
  • «Bømlo» i Store norske leksikon