Myrennvegen

Myrennvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune gjekk vestover frå Klevarsida ved Gvannes til garden Moen (gnr. 145/10). Vegen var om lag 1 420 meter lang og gjekk gjennom jordbrukslandskap og skog. Etter Moen fortsett vegen som Visjålivegen til heigarden Myrenn (Myrane) (gnr. 143/8) vest for Myrennåsen ved Notodden kommunegrense på Roheimheia. Vegen hadde truleg namn etter denne garden eller åsen og blei namnsett i 1999.

I samband med kommunesamanslåinga av og Sauherad blei det i 2018 vedtatt å leggje Myrennvegen i Sauherad til vegen Klevarsida.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.
  • Info fra Sauherad kommune: nyeadresser-0822-sauherad.pdf


Koordinater: 59.46484° N 9.29966° Ø