Nedre Fåberg (Jostedalen)
Nedre Fåberg (Luster, gnr. 204) er ein matrikkelgard i grenda Fåberg i Jostedalen, Luster kommune. Heimane under garden sokna til Mjølverdalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968.
Nedre Fåberg | |
---|---|
Nedre Fåberg med steinstova | |
Fyrst nemnd: | 1596 |
Stad: | Jostedalen |
Sokn: | Jostedalen |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 204 |
Nyryddinga
Garden vart truleg rydda på 1500-talet i samband med koloniseringa av Jostedalen etter øydetida (sjå namnegarden Fåberg). Garden var i periodar på 16- og 1700-talet delt i to bruk og vart siste gongen samla til eitt bruk att i 1755. Det har ikkje vore mogleg å identifisere kvar den andre brukarfamilien heldt til, så dei har kanskje delt på husa.
Steinstova
Det eldste stovehuset på Nedre Fåberg i dag er steinstova, som skal ha vorte oppsett mellom 1803 og 1809. Etter ein lokal tradisjon vedda brukaren Rasmus Larsson Fåberg (1777-1825) med bror sin Tøger Larsson Kruna på Kruna om kven som kunne byggja tyngste huset. Rasmus vann klart med steinstova.[1]
Bruk
Nedre Fåberg har følgjande bruk:
- Bnr. 1, Berget - rydda som husmannsplass kring 1790, fråskild bnr. 2 den 25.10.1829
- Bnr. 2, Fåberg nedre - det opphavlege bruket
- Bnr. 3, Horpen - rydda som husmannsplass kring 1795, fråskild bnr. 2 den 5.10.1901
- Bnr. 4, Torstad - fråskild bnr. 2 den 11.7.1929
- Bnr. 5, Åreteigen - fråskild bnr. 2 den 11.7.1929
- Bnr. 7, Brun - rydda som husmannsplass kring 1893, fråskild bnr. 2 den 11.10.1944
- Bnr. 25, Vidsyn - tomt, teken i bruk 1944, fråskild bnr. 4 den 22.6.1992
Husmannsplassar
Det har vore fem husmannsplassar under Nedre Fåberg:
- Berget - rydda kring 1790 (festesetel 1793), plass under bnr. 2, fråskild 25.10.1829 som bnr. 1
- Horpen 1 (Borgund) - rydda kring 1779, plass under bnr. 2, nedlagd før 1865
- Horpen 2 - i bruk frå kring 1843, plass under bnr. 2, fråskild 5.10.1901 som bnr. 3
- Grisbakken - rydda kring 1842, plass under bnr. 2, nedlagd kring 1853
- Brun - rydda kring 1893, plass under bnr. 2, fråskild 11.10.1944 som bnr. 7
Personar frå Nedre Fåberg
- Rasmus Larsson Fåberg (1777-1825), gardbrukar
- Lars Rasmusson Faaberg (1803-1883), ordførar, lensmann og gardbrukar
- Tøger Larsson Kilen (1834-1936), husmann
- Rasmus Larsson Faaberg (1843-1922), ordførar og gardbrukar
- Lars Rasmusson Faaberg (1866-1957), ordførar og gardbrukar
Notar
- ↑ Øyane 1994, s. 690
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital versjon på Nettbiblioteket. S. 686-716.
Eksterne ressursar
- Faaberg Nedre i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Faaberg nedre i folketeljinga 1865 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
- Faaberg nedre i folketeljinga 1900 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
- Faaberg nedre i folketeljinga 1910 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
- «Fåberg» (nedre) (gnr 204) i Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Kart over Nedre Fåberg, Fylkesatlas Sogn og Fjordane