Nestun (Fedje gnr 168 bnr 218)

Nestun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Nestun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 218
Adresse: Sjånesvegen 33

1. Dagfinn Rognsvåg f. 1930 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-17e) d. 2004 fekk skøyte på denne tomta frådelt gnr 168 bnr 27 i 1970. Huset vart sett opp i 1947 av foreldra hans (sjå Nedst-Tangen gnr 168 bnr 27-17), og dei budde her. Skøyte tilleggsareal bnr 280 (med naust) frådelt gnr 168 bnr 27 i 1977. Dagfinn var styrmann og losbåtførar, ugift, busett her.

2. Paul Rognsvåg f. 1971 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-18c), kokk, g.m. Janne Hegrenes f. 1975 Bergen, miljøarbeidar, budde før der. Skøyte i 2004, han er brorson til nr 1.

Born: a. Ivar Rognsvåg f. 1997, bustad Bergen (Pauls son). b. Adrian Hegrenes Rognsvåg f. 2008.


Fedje komm.svg Nestun (Fedje gnr 168 bnr 218) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Midtbø (Fedje gnr 168 bnr 214) • Neste bolk: Skotholmevegen 21 (Fedje gnr 168 bnr 353)