Nord-Gudbrandsdal prosti
Nord-Gudbrandsdal prosti er eit av Den norske kyrkje sine prosti. Det dekkjer den nordlege delen av Gudbrandsdalen i Oppland, og ligg i Hamar bispedøme. Prostiet vart oppretta 1. mai 1871, då Gudbrandsdalen prosti vart del i Nord- og Sør-Gudbrandsdal prosti.
Dei kyrkjelege fellesråda i prostiet er Dovre, Lesja, Lom, Nord-Fron, Sel, Skjåk og Vågå.
Kjelder
- Nord-Gudbrandsdal prosti på Den norske kyrkje sine nettsider