Ola Enstad (1942-2013)
Ola Enstad (født 10. november 1942 på Lesjaskog, død 2. august 2013 i Oslo) var bilethoggar. Han var utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole frå 1967 til 1969 og ved Statens kunstakademi frå 1969 til 1972. Enstad debuterte på Haustutstillinga i 1970, og med separatutstilling i Kunstnerforbundet i 1973.
Utvalde arbeid:
- skulpturen Neve og rose, opprinneleg tinga av Asker kommune, står frå 1990 på Lilletorvet i Oslo, framfor Fellesforbundets hovedkvarter
- Dykkar skulptur (1990), ein installasjon av seks froskemenn, montert i stålwire, ved Olafiagangen / Akerselva
- Bauta til minne om Sigurd Einbu, ved Lesjaskog kyrkje
Kjelder og litteratur
- Ola Enstad på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Ola Enstad i Historisk befolkningsregister.
- Enstad, Ola, Jon Hellesnes og Kjartan Fløystad 1999: Den endelege løysinga på skulpturproblemet. Digital versjon på Nettbiblioteket