Olav Åsmundstad

Olav Tordsson Åsmundstad (fødd i Kvikne i Nord-Fron 29. november 1850, død 3. april 1925) var friskule- og folkehøgskulelærar, snikkar og nynorskforkjempar. Han var fødd og oppvaksen på garden Søre Åsmundstad i Kvikne. Foreldra var Tor Pedersen Åsmundstad (1808-1888) og Mari Olsdotter Nistugun Skåbu (1805-1885). Faren var oppvaksen på husmannsplassen Hågåstugun i Skåbu. Men familien åtte også garden Klevstadbakken i Kvam. I 1836 kjøpte Tor Pedersen Klevstadbakken av far sin, men bytte denne mot Søre Åsmundstad i 1839.

Åsmundstad gjekk på folkehøgskulen til Christopher BruunSel i åra 1868-1870. Som fleire andre vart han der inspirert til å starte friskule. Hausten 1870 drog han til Askov for å studere dette skuleslaget, saman med Bruun, Johannes Skar og Kristofer Janson. Åsmundstad vart der til jul 1871. Så var han i militærteneste, og tok til på underoffisersskule, men gjennomførde ikkje den.

Med ein del avbrot dreiv Åsmundstad friskule i Gausdal i åra 1873-1891, og underviste i denne perioden også ved folkehøgskulen på Vonheim. Han gjekk i snikkarlære i Fron 1876-1879. Han gjekk eit lærarkurs ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord. Skuleåret 1886-1887 var Åsmundstad på nytt ved Askov. Nå studerte han mellom anna gammalnorsk.

Frå 1893 til 1899 var han sløydlærar ved folkeskulen i Grue i Hedmark, der han også hadde kroppsøving og teikning.

Frå 1899 til 1912 var Åsmundstad lærar ved Møre folkehøgskule i Ørsta. Skulen var nystarta under leiing av Andreas Austlid. Det er denne tidlege perioden Ivar Grøvik kallar «døletida» ved Møre folkehøgskule. Åsmundstad underviste i sløyd, kroppsøving og historie. Både før og under Ørsta-tida arbeidde han med å omsetje islandssoger. Njåla (Njålssoga) kom ut i 1896-1897, den fyrste som vart omsett til nynorsk. Sidan kom også Fostbrødre-soga, og Åsmundstad arbeidde også med Egilssoga. Elles skreiv ein del i Syn og Segn og andre blad og tidsskrift.

I Ørsta bygde Åsmundstad seg hus og kalla det Dølabu.

I 1912 flytta Åsmundstad attende til Kvikne, der han bygde seg hus på heimegarden som bror hans dreiv. Den nye heimen fekk namnet Borg.

Åsmundstad var ivrig målstrevar. Mellom anna var han med og skipa den regionale samskipnaden Austmannalaget i 1899, og vart vald inn i det fyrste styret. På årsmøtet til Austmannalaget i 1914 var han med og skipa Dølaringen som eit distriktslag for Gudbrandsdalen under Austmannalaget. Han vart med i det fyrste styret, og var formann til 1919.

Han engasjerte seg også sterkt i den frilynte ungdomsrørsla. Han støtta aktivt opp om Gudbrandsdal ungdomslag frå skipinga i 1898, og var æresmedlem der frå 1922.

På sine eldre dagar byrja Åsmundstad å samle og systematisere tradisjonsmateriale særleg frå Kvikne og Skåbu. Ei samling rakk han å få gjeve ut året før han døydde. Den kom på Olaf Norlis forlag med tittelen Ovanum Helgefell.

Åsmundstad, som aldri gifta seg, vart buande på Borg resten av livet. Heimen er nå museum.


Kjelder og litteratur

  • Allkunne, nynorsk kulturhistorie, artikkel om Olav Åsmundstad
  • Grøvik, Ivar: «Døletida ved Møre folkehøgskule», i Årbok for Gudbrandsdalen 1975, Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag.
  • Haugen, Rolf: Grundtvigske friskoler i Gudbrandsdalen ca. 1870-1900. Hovedoppgave i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt, høsten 1980.
  • Hovdhaugen, Einar: Gardar og slekter i Fron, bind II Nord-Fron, Fron historielag 1974.
  • Høgåsen, Martinus: «Fyrste gudbrandsdølen eg møtte», i Årbok for Gudbrandsdalen 1953, Dølaringen.
  • Skogstad, Ola: «Austmannalaget gjennom to mannsaldrar», i Vårt norske morsmål. Austmannalaget 1899-1959, utg. av Opplandske Målkontor, Eleverum 1959.
  • Åsmundstad, Per: Olav Tordson Åsmundstad og heimen Borg i Kvikne, Dølaringen boklag 2006.
  • Olav Åsmundstad i Historisk befolkningsregister