Bauta over Olav den heilage på ein gravhaug på Hundorp, avduka under eit stemne olsokaftan 29. juli 1907. Skulestyrar Rasmus Stauri, den gongen på Vik i Kvam, leia arbeidet med å få reist minnesmerket. Monumentet over kristningskongen står på skulens grunn, og har nok hatt stor symbolverdi i folkehøgskulemiljøet. Foto: Øyvind Holmstad (2011)
Gudbrandsdalens folkehøgskule var i verksemd frå 1902 til 1987. Dei fyrste åra hadde han tilhald på garden Vik i Kvam i Nord-Fron, men i 1915 vart han flytta til Hundorp i Sør-Fron. Skulen var driven i grundtvigiansk ånd, og følgde opp tradisjonen etter Christopher Bruuns verksemd i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdalen folkehøgskule er uløyseleg knytt til familien Stauri i to generasjonar, ekteparet Rasmus og Lise Stauri og deira son Are og kone Dagny samanhengande i meir enn 70 år. Les mer …
Lise Stauri. Foto: Ukjent. Lise Karine Stauri (fødd i Stavanger 6. januar 1882, død i Sør-Fron 14. februar 1949) var lærar, folkehøgskulestyrar og organisasjonsmenneske. Namnet hennar er sterkt knytta til Gudbrandsdalens folkehøgskule på Hundorp i Sør-Fron. Ho dreiv fyrst saman med mannen sin, Rasmus Stauri, som var grunnleggjar og styrar av skulen. Da han gjekk bort i 1932, tok ho over som styrar og var det i mange år etter det, nesten heilt fram til ho døydde. Lise Stauri var den fyrste, og i si tid den einaste, kvinnelege folkhøgskulestyraren i landet. Ho var internasjonalt orientert, noko som gav seg konkrete utslag i verksemda ved skulen på Hundorp.
Les mer …
Fronheim på Vinstra, som Hans H. Lie bygde og bodde i. Han innreda atelier i andre etasje. Foto: Hans H. Lie (1900)
Hans Halvorsen Lie (født 22. mars 1867 i Nes i Hallingdal, død 25. oktober 1918 i Nord-Fron) var fotograf med atelier på Vinstra, Ringebu og Otta.
Han var sønn av gardbrukerne Halvor Olsen og Ragne Guttormsdatter. Etter hvert ble han elev av Johan Lund i Christiania, men fotograferte sannsynligvis først i hjembygda. I 1891 bodde han med søsteren i Nes og jobbet som fotograf. I 1893 ble han engasjert av Sigurd Jørstad for å fotografere ved det nye hotellet han hadde bygget i Volbu, Øystre Slidre. I 1895 gifta han seg med Margit S. Jørstad, født 1875 i Øystre Slidre som datter av Sigurd Jørstad.
I 1895 flyttet paret til Vinstra. Med dette ble Vinstra det første stedet i Gudbrandsdalen med faglig utlært fotograf. Her bygget de eget hus med glasstakatelier i andre etasje. I folketellinga 1910 er Hans og Margit Lie oppgitt med fem barn i husstanden, og var bosatt på Fronheim.
Lie reiste mye rundt i distriktet og fotograferte, med atelierer også på Ringebu og Otta. Når fotografen ikke var hjemme på Vinstra hendte det at kona måtte ta seg av fotograferingen der. En mengde av Lies landskapsbilder fra Gudbrandsdalen ble laget til prospektkort. Foruten portretter og landskaper fotograferte han også dyr, blant annet hingster når de skulle på utstilling. Les mer …
Faksimile frå Aftenposten 19. november 1959: annonse for Aslaug Høydal si bok Sevje.
Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 20. juli 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.Høydal var fødd og oppvaksen på småbruket Anåskosi i grenda Langlim i Seljord kommune. Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal og trekunstnaren Torvald Høydal. Ho var ugift.Høydal hadde ei mangesidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på Telemark Folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskulen i Oslo, Askov Højskole i Danmark. Lærareksamen tok ho ved Elverum lærerskole i 1959, og gjekk også på Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkts grad.
Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Italia og til fleire land i Midt-Austen.
Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Høydal tilsett som lærar ved folkehøgskular i Ryfylke og på Vestoppland. Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, og fekk bygt sitt eige hus nær heimstaden til Jan-Magnus Bruheim. Les mer …
Kvam kyrkje (b. 1952). Foto: Anders Einar Hilden Den noverande Kvam kyrkje er ei korskyrkje på Kvam i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Ho vart bygd i 1952. Arkitekt var Magnus Poulsson, og Arve Hagen stod for utsmykkinga. Byggverket er i tre og har 450 sitjeplassar. Kyrkja har kyrkjegard med ein minnelund over britiske soldatar som omkom i trefningane her i 1940. I tidlegare tider gjekk kvamværar til ei stavkyrkje på garden Vik, men i 1775 gav kongen løyve til å byggje ei ny kyrkje på Røssumvollen. Den nye kyrkja, bygd i 1776, var ei korskyrkje i tømmer med plass til 300 personar. Denne kyrkja vart øydelagt fredag den 26. april 1940 under kampane mellom tyske og britiske soldatar. Kyrkja og eit hundretals hus vart skotne i brann. Les mer …
|