Olav Bismos gate
Olav Bismos gate på Otta i Gudbrandsdalen går sørover frå riksveg 15 og ender som blindveg ved Otta skole (Olav Bismos gate 4).
Gata er oppkalla etter Olav Bismo (1917-44), som var motstandsmann under andre verdskrigen. Milorg-sjefen Bismo vart skoten av en gestapist i barndomsheimen på Otta den 21. oktober 1944. Ein bautastein i jarnbaneparken hedrar òg Olav Bismo.