Olav Riste

Olav Riste (fødd 6. september 1884, død 6. desember 1967) var skulemann, bladmann og lokalhistorikar i Volda. Han gjekk ut av mellomskulen i Volda i 1902 og vart student ved Hambros skole i Bergen i 1905. I 1910 vart han medeigar av det private Volda millomskule og gymnasium saman med Johan Fredrik Voss. I 1912 tok han embetseksamen.

Riste var frå 1917 skriftstyrar for Aarsskrift for Volda sogelag der han skreiv omfattande artiklar om lokalhistoria til heimbygda. Han skreiv òg lokalhistoriske og andre stykke i Syn og Segn, Tidsskrift for Sunnmøre historiske lag, Bergens Historiske Forenings Skrifter og andre stader. Han skreiv òg kapitlet om Rotset i Voldasoga bd. 2 (1971).

Olav Riste var son av Per Riste (1846–1930) og Synnøve Riste (1858–1889). Han var nummer to i ein syskenflokk på fire. Han gifta seg i 1916 i Selbu med Bergljot Tybring Meidell (1890–1979). Paret fekk borna Per (1917–2008), som vart journalist, Turid (1918–2003), som vart lærar, Tormod (1925–1995), som vart fysikar og Olav (1933–2015), som vart historikar.

Kjelder