Voldaminne
Hopp til navigering
Hopp til søk
Voldaminne kom ut med sitt første hefte i 1917 som Aarsskrift for Volda Sogelag. Så gjekk det 7 år før hefte 2 kom ut (1924), 4 år til henfte 3 (1928), 17 år til hefte 4 (1945) og så 2 år til hefte 5 (1947). På årsmøtet til Volda Mållag i 1976 vedtok laget å starte arbeidet med å gje ut eige årsskrift. Våren 1977 vart så sogelaget nyskipa, og dei to laga gjekk samen om å gje ut eit skrift det året.
Fram til og med 1983 stod begge laga for skriftet, deretter har sogelaget vore eineutgjevar. I 1982 skifta det namn til Voldaminne. I 1984 gav sogelaget ut dei fem første hefta (1917-47) i fotografisk opptrykk. I 1987 gav laget ut ei særutgåve av Voldaminne som festskrift til 150-årsjubileet for Volda kommune.
Skriftstyrarar
- Olav Riste (1917-1967)
Galleri
Kjelder
- Diverse føreord i utgjevne hefte
- Om Voldaminne på heimesida til Volda Bygdetun