Oppebøenvegen
Oppebøenvegen i Kviteseid kommune er ein 216 meter lang blindveg som går frå krysset med Torshaugvegen og Lauvstadvegen.
![](/thumb.php?f=Kviteseid%2C_Oppeb%C3%B8envegen-1.jpg&width=400)
Parti frå Oppebøenvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).
Vegen er og har namn etter det tidlegare bruket Oppebøen (gnr. 41/9). Vegen og bustadane ligg på denne gardens grunn.
Oppebøen var på 14 mål dyrka jord og vart rydda i 1860-åra av Olav Ånundson. Han var gift med Marken Jensdotter. Stoga vart sett opp i 1862.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.