Otta (tettstad)
Otta er ein tettstad og administrasjonssenter i Sel kommune i Gudbrandsdalen. Bystatus vart vedteke av kommunen i 2000. Tettstaden ligg der Ottadalen munnar ut i hovuddalen, om lag elleve mil nord for Lillehammer. Namnet er tatt frå elva Otta. Pr. 2016 har Otta 1737 innbyggjarar.
Otta er eit trafikknutepunkt for jernbane og buss. Otta stasjon (på den noverande Dovrebanen) opna i 1896. Det er godt utbygd industri, særleg trevare-, næringsmiddel-, stein- og grafisk industri. Turisme er også ein viktig næringsveg på Otta.
Ottamartna'n blir arrangert årleg i månadsskiftet september/oktober.
Kjelder
- Otta - tettsted i Store norske leksikon
- Faktaark fra Kartverket finnes.
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016.
Videre lesing
- Bakke, Odd: Otta gjennom 100 år : 1896-1996. Utg. Sel historielag. 1996. 272 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.