Peder Severin Aarebru
Peder (Severin) Aarebru (fødd 28. mars 1905 i Seimsdalen i Årdal, død 10. august 1986) var lærar. Etternamnet er òg skreve Årebru.
Han var son av bonde Anders Øren og Jensine Aarebru. Peder Severin Aarebru tok eksamen ved Volda lærarskule i 1926, og tok spesialutdanning i sløyd sumaren 1930.
Aarebru var huslærar i Luster til 1929, då han vart tilsett som lærar i heimbygda Årdal. I 1953 vart han styrar ved Farnes skule.
Kjelder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 2229671)
- Firda Folkeblad, 16. juli 1953.
- Peder Severin Aarebru i Historisk befolkningsregister.
- Peder A. Aarebru i folketeljinga 1910 for herred frå Digitalarkivet
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket