Peter Munch Søegaard
Peter Munch Søegaard (fødd 1815 i Vågå, død 1881) var jurist og forfattar.
Sorenskrivarsonen Munch Søegaard vart juridisk kandidat i 1843, sorenskrivarfullmektig i 1845-53, og dommarfullmektig i Nordre Aurdal. Sidan vart han tilsett i departementet, og busette seg i Christiania. Men han hadde godt innsyn i bygdekulturen og tilhøva der, og i boki I Fjeldbygderne er òg Valdres sentral. Han skreiv også i Skilling-Magazin, ikkje minst skildringar av folkeminne og skikker i Valdres og Gudbrandsdalen, og han var ein varm tilhengjar av nasjonale minne, språk og soge.
Søegaard var gift to gonger, og fekk born med begge konene. Ekteskap nr. 2 var med Tomine Olivia Søegaard, som døydde før 1875.
Eksterne lenkjer
- Peter Munch Søegaard i Historisk befolkningsregister.
- Peter Munch Søgaard i folketeljinga 1865 for Vestre Aker prestegjeld frå Digitalarkivet
- Peter Munch Søegaard i folketeljinga 1875 for Kristiania kjøpstad frå Digitalarkivet
Bibliografi
- I fjeldbygderne, Cappelen 1868. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Einbu-Guten, Cappelen 1872.
Peter Munch Søegaard er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |