Petter K. Thoresen

Petter K. Thoresen (fødd 1903, død 1987) var mekanikar og industripioner i Sykkylven. Thoresen var fødd i Hommelvik i Sør-Trøndelag. Han miste faren i 1907; i 1910 budde han på Lunden Vestre i Malvik med mora Kirsten Thoresen, som dreiv bakeri og utsal, og to sysken.[1]

Thoresen var utdanna ved Trondheim Fagskole, mekanikerlinjen, 1920[2]. Etter skulen arbeidde han ved Hommelvik Værft & Støberi.[3] Thoresen kom til Stranda da svogeren, organist, oppfinnar og maskinfabrikant Rasmus Kjølen brått døydde i juli 1924.[4]

Han var ikkje nøgd med plasseringa bedrifta hadde på Kjølen på Stranda, den låg langt frå fjorden, og vende auga mot nabokommunen Sykkylven. Her fekk han tilbod om ei sentral tomt, og han etablerte ei mekanisk verksemd i 1927. Han vart i 1928 gift med Inga Lien frå Stranda.

P.K. Thoresen fekk mykje å seie for utviklinga av den tidlege industrien i Sykkylven. Det første året han var i kommunen var han med og bygde maskiner for Bernhard R. Tynes som starta med møbelproduksjon i 1927. Denne bedrifta vart den første i ei lang rekke i denne industrigreina som kom til i Sykkylven. Dei aller fleste av dei tidlege møbelgründarane rådførte seg med Thoresen for å få lagt opp produksjonen så rasjonelt som mogeleg. Den enkle hjulinnretninga som reiv opp hardpakka alfa, alfa-rivemaskina, og som alle stoppmøbelbedrifter i Sykkylven nytta, var Thoresen sin konstruksjon. Like eins utvikla han ei ny pussemaskin. Då Jens E. Ekornes kom i gang med fjørspinneverksemda si i 1934, var Petter Thoresen den viktigaste medhjelparen. Det var eit lukketreff for industrien i Sykkylven at P.K. Thoresen kom til kommunen i 1927. Han kunne neppe ha kome på eit gunstigare tidspunkt.

Hovudproduksjonen til P.K. Thoresen Mekaniske Verksted var lenge den såkalla Universalvinsjen til bruk for landbruk og anlegg. Vinsjen vart serieprodusert og seld både i Noreg og i utlandet. I tillegg tok altså verksemda på seg mange spesialoppdrag for den lokale industrien, og Thoresen laga både trebearbeidingsmaskinar og verkty.

Bedrifta hadde ikkje mange arbeidarar. Tre-fire tilsette var det på det meste. Til vanleg hadde Petter Thoresen ein eller to hjelpesmenn. I 1952 vart han intervjua av Sykkylvsbladet i samband med at han laga heisegognene til det nye ferjeleiet på Aure. Thoresen vart spurd om han ikkje ville slå litt større på det og tilsette fleire folk. Han svara: "Nei, eg trivst best med å drive sånn i det små. Eg er ikkje sunnmøring, ser du!"

Etter at P.K. Thoresen fall frå, tok sonen, Petter Inge Thoresen, over Thoresen-smia som bedrifta heitte på folkemunne. Han tok på seg ymse reparasjonsoppdrag. No er bedrifta nedlagt.

Referansar

  1. Petter Toresen i folketelling 1910 for Malvik herred fra Digitalarkivet.
  2. Georg Stav: Slektene Husby og Stav, Melhus 1976, ISBN 82-7083-043-7
  3. Gustav W Aurdal: Sykkylven. Gardssoga II, 1975, side 61.
  4. Asbjørn Gjærde. Stranda. Industri og samfunn, Ålesund 1990. Side 157.

Kjelder