Poul Holst Irgens
Poul Holst Irgens (fødd ca. 1724, død 1784) kom til Lesja jernverk som «Directeur» og gifta seg i 1757 med Birgitte Marie Reinholdtsdtr. Ziegler, enkje etter førre verkseigaren Hans Jensen Holmboe. I Irgens si tid gjekk drifta ved verket godt, og han kjøpte opp fleire gardar i bygda og Romsdalen. Irgens var òg ved Røros gruver og frå 1756 direktør ved Folldal kopparverk. I 1767 kosta Irgens nytt tårn og tre nye kyrkjeklokker på Lesjaskog kyrkje, som den gongen stod ved verket. Han ble utnevnt til bergråd.
Poul Holst Irgens vart født i Selbu i 1724[1] av foreldra Henning Johannessen Irgens f. 1. april 1698, død 1778 på Røros og Gjertrud Madsdtr. Hage f. 1. mars 1687 i Trondheim, død 16. januar 1752 på Røros.[2]
Med sin kone Birgitte Ziegler fikk han tre sønner og tre døtre.
Referanser
- ↑ Kyrkjebok for Selbu
- ↑ Langberg 1927 s. 14 og 26.
Litteratur og kilder
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen. Utg. Lesja kommune. 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket s. 524 og 576.
- Kleiven, Ivar 1923: Lesja og Dovre s. 124f.
- Langberg, Ludv. Kr.. Oplysninger om slegten Irgens fra Røros. Utg. Grøndahl & Søns boktr.. no#. 1927. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Poul Horst Irgens i Historisk befolkningsregister.