Lesja jernverk
Lesja jernverk vart oppretta med tildelinga av privilegiet på jernverksdrift i Lesja hovedsokn til Jørgen Fillipsen og Joachim Irgens i 1660. Drifta kom gradvis i gang i åra etter etableringa. Lesjaskogsvatnet vart oppdemt i begge endar for å skaffe vasskraft til verksanlegget, som vart bygd opp i austre enden av vatnet. Ved anlegget kom det etter kvart masomn av såkalt vallonsk type og stangjernshammar. Også i Håmårfossen i Rauma nedafor Kvamsgardane vart det bygd stangjernshammar, truleg så tidleg som i 1670-åra. Malmen vart funne fleire stader over Lesjaskogen: ved Slettom og i Gruvlie mellom Brandlie og dei gamle gardane i Nørdre Verket. Malmen frå Gruvlie vart køyrt ned til Bryggja og transportert derfrå til masomnen ved hjelp av lektarar sommarstid og med slede på isen om vinteren.
Høgste gruva var Fjellgruva, som skal ha vore den høgste jerngruva i Noreg, over 900 moh. Malmgangane var ustabile, så verket var ute av drift i fleire periodar. Eit særtrekk ved malmen frå Lesja jernverk var at han var rik på krom og dermed ikkje eigna som støpejern, men desto betre til stangjern. Ein betydeleg del av produksjonen skal derfor ha gått til skipsnaglar. Hovuddelen av vart eksportert over Veblungsnes ved Romsdalsfjorden. Transporten ned Romsdalen var krevjande og kostbar.
På sørsida av vatnet ligg Stellsteinberget, der verket henta stein til innvendig foring av masomnen.
Eigarane av jernverket bygde i 1695 eiga kyrkje for verket. Ho vart i 1855 flytt til ny tomt sentralt i soknet, på grunn frå Øverlie og innvigd som Lesjaskog kyrkje.
Jernverket var i drift til sist på 1700-talet. Det er sagt at siste gongen masomnen vart blåse ned (eller utblåst, sjå om prosessen i NHL) var i 1812, men da hadde han nok vore ute av drift i lange periodar.
Anders Beer Wilse fotograferte på Lesja jernverk i 1919:
- Restane av masomnen. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Hovudbygninga på Verket, bygd 1734, freda. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Eigarar av verket:
- Jørgen Fillipsen var eine- eller medeigar i verket 1660-1687
- Joacim Irgens var medeigar 1660-1674
- Peter von Schellebeck var medeigar 1677-1683
- Werner Nielsen kjøpte verket i 1687
- Jens Hansen Collin kjøpte 1/4 av verket i 1693
- Christen Wernersen åtte 1/2 verket 1696-1701
- Herman Treschow kjøpte 1/4 av verket i 1693 og resten i 1701
- Reinholdt Heinrichsson Ziegler kjøpte verket i 1710
- Johan Henrik Ziegler fekk truleg halve verket ved skifte etter faren, selde resten 1747 til Lobes
- Lars Lobes gift 1730 med enkja etter Reinholdt Ziegler, overtok verket, eineeigar frå 1747
- Hans Jensen Holmboe gift m. Birgitte Marie, dotter til Reinholdt Ziegler, overtok verket truleg i 1750
- Pål Holst Irgens gift 1757 m. enkje Birgitte Marie Ziegler, overtok verket etter Holmboe
- Niels Pløyen var eigar av verket da han døydde i 1792. Faren, justisråd Henrik Pløyen, sorenskrivar i Nordre Gudbrandsdalen, arva han
- Albert Angel Irgens, son til Pål Irgens, åtte verket m.a. i 1799
- Jonas Wohl kjøpte verket i 1800
- Johan Friedrich Wilhelm von Haffner kjøpte verket av Wohl i 1804, og selde garden, jord og skog i 1812 til Tore Olsson frå Bottem.
Bilde knytt til verket
Litteratur
- Berg, Per Sigmund 1968: Lesja Jernverks Historie. Hovedoppgave i historie. Universitetet i Oslo. Trykt i Årsskrift for Lesja historielag (utan fotnotar) 1983-1986.
- 1983: Årsskrift for Lesja historielag. 1983. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- 1984: Årsskrift for Lesja historielag. 1984. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- 1985: Årsskrift for Lesja historielag. 1985. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- 1986: Årsskrift for Lesja historielag. 1986. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kjelland, Arnfinn 1987: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen s. 166-167, 444-446, 523-526 og 572-579. Digital versjon på Nettbiblioteket.