Reed skule (1957–2009)

Reed skule i Reed krins i gamle Breim kommune. Første byggesteg stod ferdig i 1957. Andre byggesteg var ferdig først i 1971.

Reed skule (Breim barnehage) 2016
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

2009 vart Reed krins slått saman med Byrkjelo krins og alle elevane går no (per 2016) på skulen på Byrkjelo.

Skulehuset

Hausten 1957 stod første byggesteg ferdig. I andre høgda var det tre klasserom, og i første høgda var det eit stort klasserom (framhaldskulerommet) og skulekjøken. I første høgda var det fleire mindre rom: matvarerom, vaskerom, strykerom og materialrom. I kjellaren var det to toalettrom, dusj og andre smårom. Det tok 14 år før andre byggesteget med gymsal og scene stod ferdig.

Anna bruksområde

I dag held Breim barnehage til i bygget.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!

Koordinater: 61.735825° N 6.412546° Ø