Rindal kommune
Rindal kommune er ein kommune i Trøndelag, med namn etter kommunesenteret Rindal. Distriktsmessig hører kommunen til Nordmøre, men har òg tette band til Orkdalen. Han grensar mot Heim, Orkland, Meldal, Rennebu og Oppdal i Trøndelag og til Surnadal i Møre og Romsdal. Kommunen er den einaste av nordmørskommunane som ikkje grensar mot havet, og fram til overgangen til Trøndelag i 2019 var han òg den einaste kommunen i heile Møre og Romsdal som ikkje grensa til havet.
Rindal kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 5061 |
Fylke | Trøndelag |
Kommunesenter | Rindal |
Areal | 631.84 km² |
Areal land | 614.12 km² |
Areal vann | 17.72 km² |
Folketall | 2 026 (2018) |
Grunnlagt | 1858 – Skilt ut frå Surnadal |
Målform | Nøytral |
Nettside | Nettside |
Rindal kommune vart oppretta i 1858, då området vart skilt ut frå Surnadal. I 1949 søkte kommunen om å bli overflytta til daverande Sør-Trøndelag fylke, men dette vart ikkje innvilga. Den 1. januar 2019 gikk kommunen over til Trøndelag fylke.
Folkesetnad
Dalføra til elva Surna med tillaup er nokså tett busette; her er det eit mest samanhengjande jordbrukslandskap. Dei søndre og nordre delane av Rindal er derimot «praktisk talt ubebodde» (Store norske leksikon). Den einaste tettstaden i kommunen er administrasjonssenteret Rindal, med 670 innbyggjarar (2014).
Folketalet i Rindal har gått markant nedover etter andre verdskrigen; i 2015 var det 21 prosent lågare enn i 1946.
Økonomisk utvikling
I Aschehougs konversationsleksikon frå 1924 heiter det at «Den viktigste næringsvei er jordbruk (kvægavl) og skogdrift». I 2010-åra er Rindal framleis ei jordbruksbygd, 10 % prosent av arbeidsplassane i kommunen er i denne sektoren. I tidlegare Møre og Romsdal fylke, der Rindal låg fram til 2018, er det berre Fræna og Surnadal som har større storfehald. Føresetnaden for kvegavlen i Rindal er dei gode hamnegangane.
Rindal har òg hatt noko industri, og er særleg kjent for skiproduksjonen sin. På 1900-talet hadde bygda tre skifabrikkar på same tid, Haltli (seinare Rindal-ski), Landsem og Trollski. I Rindal har det dessutan vore garveri, fleire meieri, torvstrøfabrikk og sag- og kvernbruk. På 2000-talet er det trevareindustrien som er viktigast.
Rindal Sparebank vart grunnlagt i 1873 og feira 140-årsjubileum i 2013.
Kultur
Rindal skimuseum, som er ein del av Nordmøre museum, formidlar mellom anna historia til skifabrikkane som har vore i verksemd i bygda. Rindal heimbygdlag arbeider med å samle folkeminne, folkemusikk, stadnamn, ord og uttrykk og anna lokalhistorie; laget gir ut eige årsskrift.
Kjelder og litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- «Rindal» i Aschehougs konversationsleksikon - bind VIII, Kristiania 1924. Digital versjon på Nettbiblioteket
- «Rindal» i Store norske leksikon
- «Rindal» på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Tidens Krav: «Vedtatt: Blir del av Trøndelag fra 2019» (publisert 15. juni 2018).
Eksterne lenkjer
- Adresseavisen på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek (tilgang i norske bibliotek)