Rokkproduksjon i Gylland
Rokkproduksjon var eit viktig handverk i grenda Gylland i Hovin i tidlegare Horg kommune, no i Melhus kommune. Tradisjonen går langt attende, men bygda vart verkeleg sett på kartet med rokktypen Gylland-rokk. Den vart først utvikla i Kvikne, og kom over til Gauldalen kring 1850, etter at ein kar frå bygda hadde vore over i Kvikne og lært seg nye teknikkar der.
Den siste som produserte Gylland-rokker for hand i bygda var Anders O. Wollan (1916–1986), som heldt på frå 1933 til han pensjonerte seg i 1983.
Kjende rokkmakarar frå Gylland
Personane er sett opp kronologisk etter fødselsår. Vi har med òg dei ein kjenner frå tida før Gylland-rokken vart utvikla. Familieband mellom rokkmakarane er tekne med i lista i den grad vi har oversyn over det.
- Ole Eriksen Foss (1730–1802).
- Jens Olsen Foss (1770–1855). Son av Ole Eriksen Foss (1730–1802).
- Enok Nilsen Gylland (1770–1832).
- Esten Arntsen Gylland (1811–1876).
- Arnt Eriksen Valdøyen (1820–1896).
- Peder Jensen Gylland (1820–1881).
- Haldo Arntsen Soknes (1822–1890).
- Anders Olsen Foss (1825–1907).
- Roald Olsen Grinde (1827–1880).
- Jens Pedersen Foss (1827–1907). Soneson av Jens Olsen Foss (1770–1855).
- Enok Pedersen Gylland (1828–1891). Dotterson av Enok Nilsen Gylland (1770–1832).
- Elias Jensen Gylland (1829–1887).
- Johannes Andersen Hage (1831–1891).
- John Larsen Løberg (1831–1919).
- Halvor Jensen Gylland (1835–1893).
- Peder Larsen Løberg (1835–1905).
- Peder Jensen Gylland (1836–1896).
- Peder Olsen Gylland (1836–1916).
- Rasmus Estensen Gylland (1839–1878). Son av Esten Arntsen Gylland (1811–1876).
- Peder Pedersen Gylland (f. 1839). Dotterson av Enok Nilsen Gylland (1770–1832).
- Halvor Pedersen Buklev (1848–1941). Gift med dotterdotter av Enok Nilsen Gylland (1770–1832).
- Ole Roaldsen Grinde (1851–1940). Son av Roald Olsen Grinde (1827–1880).
- Peder Roaldsen Gylland (1854–1906). Son av Roald Olsen Grinde (1827–1880) og svigerson av John Larsen Løberg (1831–1919).
- Anders Pedersen Gylløien (1854–1925).
- Jens Pedersen Gylland (1857–1944). Son av Peder Jensen Gylland (1820–1881).
- Jens Eliassen Gylland (1858–1880). Son av Elias Jensen Gylland (1829–1887).
- Halvor Roaldsen Foss (1861–1939). Son av Roald Olsen Grinde (1827–1880).
- Ole Eliasen Gylland (1862–1935).
- Lars Johnsen Løberg (1863–1902). Son av John Larsen Løberg (1831–1919).
- Roald Jensen Wollan (1865–1930).
- Peder Johnsen Gylland (1865–1948).
- Esten Rasmussen Gylland (1869–1960). Son av Rasmus Estensen Gylland (1839–1878).
- Roald Pedersen Gylland (1875–1962). Son av Peder Roaldsen Gylland (1854–1906).
- Jens Jensen Gylland (1875–1966).
- John Pedersen Gylland (1878–1947). Son av Peder Roaldsen Gylland (1854–1906).
- Lars Pedersen Gylland (1880–1959).
- Even Pedersen Gylland (1880–1904). Son av Peder Jensen Gylland (1836–1896).
- Ole Johnsen Saugen (1882–1969).
- Jens Roaldsen Foss (1886–1973).
- Ola Pettersen Wollan (1898–1974).
- Jens Jensen Gylland (f. 1906).
- Peder Jensen Gylland (f. 1908).
- Anders Olsen Wollan (1916–1986), siste rokkmakar i bygda. Nevø av Roald Jensen Wollan (1865–1930).
Litteratur
- Haukdal, Jens og Asbjørn Furunes: Busetnad og folkeliv i Horg. 2 : Gard og grend. Utg. Melhus kommune. Melhus. 1985. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Walla, Arvid: «Om Gylland-rokken og andre spinneredskaper» i Årbok for Trøndelag. 1981. Trondheim. 1981. Digital versjon på Nettbiblioteket.